Michael Everson
Michael Everson (fødd 9. januar 1963) er ein av medforfattarane til Unicode-standarden. Han er utdanna lingvist, og arbeider som typograf og lager også teiknsett. Everson er framfor alt kjend for å systematisere og inkludere nye skriftsystem i Unicode, og for arbeidet med å utforme eit vegkart for Unicode.
Michael Everson | |||
| |||
Fødd | 9. januar 1963 Norristown | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | USA, Irland | ||
Yrke | lingvist, typograf, forleggjar | ||
Alma mater | Universitetet i Arizona University of California, Los Angeles | ||
Medlem | Language committee |
Av dei skriftsystem han har vore aktivt med å få inn i Unicode er balinesisk, braille, buginesisk, buhid, cherokee-stavingsalfabetet, koptisk, kuneiform, kypriotisk, deseret, etiopisk, gammalitalsik, gammalpersisk, georgisk, glagolitisk, gotisk, hanunóo, kanadisk stavingsalfabet, khmer, lepcha, limbu, lineær B, mongolsk, burmesisk, new tai lue, n'ko, ogham, Ol Chiki, osmanyaalfabetet, fønikisk, runealfabetet, saurashtra, shavisk, sinhala, tagalog, tagbanwa, tai le, thaana, tibetansk, ugaritisk, vai, og yi, i tillegg til mange teikn som høyrer til dei latinske, greske, kyrilliske og arabiske skriftsystema.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Michael Everson» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mars 2006.
Bakgrunnsstoff
endre- evertype.com — Nettstaden til Michael Everson