Teiknsett
Teiknsett er kode som bind ei samling teikn til ei samling av ein annan type teikn, til dømes nummer eller elektriske pulsar. Det finst til dømes ulike teiknsett som gjer at ein kan skriva mange ulike bokstavar på datamaskinar. Kjende teiknsett er morsealfabetet, som omkodar det latinske alfabetet til symbol samansett av korte og lange delar, og Unicode, som er eit sett av par mellom typografiske symbolar, eller glyffar, og tal.