Michel-Richard Delalande

fransk komponist
(Omdirigert frå Michel Richard Delalande)

Michel Richard Delalande [de Lalande] (15. desember 165718. juni 1726) var ein produktiv fransk komponist og organist i barokken, som vart ein av dei viktigaste komponistane vav såkalla grand motettar, som han skreiv nesten 80 av. Han komponerte òg orkestersuitar kalla «Simphonies pour les Soupers du Roy», eller alternativt berre kalla «Symphonies» på den tida. Delalande komponerte òg ballettar.

Michel-Richard Delalande

Michel-Richard de Lalande, etter måleri av Jean-Baptiste Santerre, gravering av de Mathoy
Fødd15. desember 1657
FødestadParis i Frankrike
Død18. juni 1726 (68 år)
DødsstadVersailles i Frankrike
OpphavFrankrike
PeriodeBarokken
Aktiv1680-1714
SjangerOrkestermusikk, kormusikk
Instrumentorgel, cembalo
Verka somKomponist
PrisarSankt Mikaels orden

Han var fødd i Paris og levde samstundes med Jean-Baptiste Lully og François Couperin. Delalande var musikklærar for døtrene til Ludvig XIV av Frankrike og var direktør for det franske kongelege kapellet frå 1714 fram til han døydde i Versailles i 1726.

Delalande var utan tvil den største komponisten i Frankrike av grand motettar, ei slags form for kyrkjemusikk som på grunn av på grunn av pomp og prakt var meir tiltalande for Ludvig XIV, skriven for solistar, kor og eit forholdsvis stort orkester. I følgje tradisjonen organiserte Ludvig XIV ein konkurranse mellom komponistar og gav dei den same religiøse teksten og tida til å komponere musikk til den. Han var aleine dommaren. Delalande var eina v dei fire vinnarane som fekk jobben med å komponere kyrkjemusikk for kvar årstid av året (dei andre komponistane var Coupillet, Collasse og Minoret). Delalande si årstid var den viktigaste, fordi ho inneheldt julefeiringa. Seinare fekk han ansvaret for kyrkjemusikken heile året.

Delalande etterlet seg mange utgåver av verka sine. Dei tidlege utgåvene syner truskap til fransk barokkstil, men seinare utgåver innlemma meir italiensk melismatiske linjer og større plass til polyfon kontrapunkt.

I tillegg finst det minst fire samlingar av verka hans, og kvar av dei syner forskjellige syn på verka til komponisten som sett ut frå dei som samla dei saman.

Studiar av verka til Delalande var i mange år hindra fordi namnet hans vart stava på så mange forskjellige måtar: de Lalande, Lalande, la Lande, de la Lande og andre. Familien skreiv namnet «Delalande». I 2006 vart til slutt den endelege «Thematic Catalogue of the Works of Michel-Richard de Lalande (1657-1726)» samla av den britiske musikkvitaren Lionel Sawkins på 752 sider og over 3000 musikkdøme og meir.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre