Michelsons interferometer

Michelsons interferometer er eit interferometer der ein lysstråle blir delt i to innbyrdes, loddrette strålar ved at ljoset dels slepp igjennom, dels blir reflektert frå ei planparallell skive.

Eit Michelsons interferometer for bruk på eit optisk plate.

Det vert i dag nytta til måling av vinkeldiameteren for stjerner, og vinkelavstanden mellom komponentar av spektroskopiske dobbeltstjerner.

Det vart funnen opp av Albert Abraham Michelson. Michelson og Edward Morley brukte dette interferometeret i det kjende Michelson-Morley-eksperimentet (1887)[1] i eit mislukka forsøk på å demonstrere effekten av den hypotetiske «etervinden» til lysfarten. Eksperimentet deira gjorde at det ikkje fanst støtte i eksperimenta for eteren og vart etter kvart ein inspirasjon for spesiell relativitet.

KjelderEndra

  • Denne artikkelen bygger på «Michelson interferometer» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mai 2013.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. Albert Michelson, Edward Morley (1887). «On the Relative Motion of the Earth and the Luminiferous Ether». American Journal of Science 34 (203): 333–345. 

  • «Michelsons Interferometer: astronomi», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Michelsons interferometer