Mick Channon
Michael Roger Channon, kjend som Mick Channon, (fødd 28. november 1948) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå ein landsby i Wiltshire. Han er særleg kjend for sine mange sesongar i Southampton FC si teneste. Channon var midtstpiss.
Mick Channon | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 28. november 1948 (76 år) Wiltshire |
Idrett | fotball |
Karriere
endreKlubbspel
endreChannon debuterte for andredivisjonslaget Southampton i 1966. Sidan var han nokre år fyrstedivisjons-spelar, men var tilbake på nivå 2 då laget sensasjonelt vann finalen i FA-cupen 1976 med 1-0 mot Manchester United. Sommaren 1977 vart han, mot 300 000 pund, overført til Manchester City. Etter eit lite vellukka opphald i Manchester, vende han to sesongar seinare tilbake til Southampton FC. Med 185 skåringar for Southampton FC, stod Channon som den fremste målskåraren i klubben då han forlet Southampton for godt i 1982. Frå 1982 til -85 spelte han for Norwich City, der han 24. mars 1985 var med om å vinne ligacupfinalen mot Sunderland AFC. Få veker seinare rykte Norwich ned i andredivisjon. Channon avslutta med å spele 1985/86-sesongen for Portsmouth FC i andredivisjon.
Landslagsspel
endreChannon aksla den engelske landslagstrøya fyrste gongen 11. oktober 1972, og siste gongen 7. september 1977. Han deltok i 46 kampar og skåra 21 mål.
Merittar
endre- Vinnar av FA-cupen: 1976 for Southampton FC
- Vinnar av ligacupen: 1985 for Norwich City
Ymse
endreSeinare i livet har Channon hatt stor suksess som oppdrettar av trav- og veddeløpshestar.
Kjelder
endre- eu-football
- Denne artikkelen bygger på «Mick Channon» frå Wikipedia på engelsk, den 23. april 2022.