Portsmouth Football Club er ein engelsk fotballklubb. I 2010/11-sesongen spelar klubben i Football League Championship, det nest høgste nivået i engelsk fotball, etter å ha rykt ned frå Premier League i 2010. Klubben vart stifta i 1898, og vart vald inn i The Football League i 1920. «Pompey», som er kallenamnet til Portsmouth, spelar heimekampane sine på Fratton Park i Portsmouth. Kystbyen Portsmouth ligg i den engelske regionen Søraust-England, omtrent tre mil søraust for Southampton, og 12 mil sørvest for London.

Portsmouth

Fullt namnPortsmouth Football Club
KallenamnPompey
Grunnlagd1898
HeimebaneFratton Park
(kapasitet: 20 200)
StyreleiarMichael Elsner
HovudtrenarKenny Jackett
LigaFootball League One
2018/194. plass
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong

Rivaliserende klubbar

endre
  • Portsmouth sin hovudrival på fotballbana er Southampton. I dei periodane begge laga har vore i same divisjon har «hatet» mellom klubbane blussa opp.

Meritt

endre
TROFE TAL ÅR
Ligameister 2 1948/49, 1949/50
FA-cupen 2 1939, 2008
FA Charity Shield 2 1939, 1949
  • Vinnar av 1. divisjon (gamle 2. divisjon): 2002/03.
  • Vinnar av 3. divisjon (sør): 1923/24.
  • Vinnar av 3. divisjon: 1961/62, 1982/83.
  • Finalist i FA-cupen: 1929, 1934 og 2010.

Engelske landslagsspelarar

endre

Frå 1898 til 2005 har Portsmouth hatt 11 engelske landslagsspelarar. Til saman har desse spela 81 kampar, og scora 9 mål. I 80 av kampane har spelaren frå Portsmouth vore med frå start, og i ein kamp har det engelske landslaget hatt ein kaptein som representerte Portsmouth på klubbnivå.

Landslagspelar Namn Tal kampar Tal startar Innbytar Kaptein Mål Tidsrom
Nr. 249 Daniel Cunliffe 1 1 0 0 0 1900
Nr. 277 Albert Edward Houlker 2 2 0 0 0 1903
Nr. 384 Arthur Knight 1 1 0 1 0 1919
Nr. 565 John William Smith 3 3 0 0 4 1931
Nr. 588 James Phillip Allen 2 2 0 0 0 1933
Nr. 611 Frederick Worrall 2 2 0 0 2 1935 - 1936
Nr. 684 James Dickinson 48 48 0 0 0 1949 - 1956
Nr. 688 Peter Philip Harris 2 2 0 0 0 1949 - 1954
Nr. 692 Jack Frogatt 13 13 0 0 2 1949 - 1953
Nr. 712 Leonard Phillips 3 3 0 0 0 1951 - 1954
Nr. 981 Mark Hateley 4 3 1 0 1 1984

Klubbrekordar

endre
  • Største ligasiger: 9-1 mot Notts County, 9. april 1927.
  • Største cupsiger: 7-0 mot Stockport County, 8. januar 1949.
  • Største tap: 0-10 mot Leicester City, 20. oktober 1928.
  • Flest ligapoeng i ein sesong: 98 poeng, 1 divisjon i 2002/03.
  • Flest ligamål i ein sesong (heile laget): 97 mål, 1 divisjon i 2002/03.
  • Flest ligamål i ein sesong (spelar): 42 mål, Guy Whittingham i 1992/93.
  • Flest ligamål for klubben: 194 mål, Peter Harris frå 1946-60.
  • Flest ligakampar for klubben: 764 kampar, Jimmy Dickinson frå 1945-65
  • Flest kampar totalt for klubben: 834 kampar, Jimmy Dickinson frå 1946-65.
  • Yngste ligaspelar: Clive Green, 16 år 259 dagar, 21. august 1976.
  • Tilskodarrekord: 51 385 mot Derby County, 26. februar 1949.

Portsmouth sine managerar

endre
Manager Periode Manager Periode
Frank Brettell (1898-1901) Frank Burrows (1979-1982)
Bob Blyth (1901-1904) Bobby Campbell (1982-1984)
Richard Bonney (1905-1908) Alan Ball (1984-1989)
Bob Brown (1911-1920) John Gregory (1989-1990)
John McCartney (1920-1927) Frank Burrows (1990-1991)
Jack Tinn (1927-1947) Jim Smith (1991-1995)
Bob Jackson (1947-1952) Terry Fenwick (1995-1998)
Eddie Lever (1952-1958) Alan Ball (1998-1999)
Freddie Cox (1958-1961) Tony Pulis (2000)
George Smith (1961-1970) Steve Claridge (2000-2001)
Ron Tindall (1970-1973) Graham Rix (2001-2002)
John Mortimore (1973-1974) Harry Redknapp (2002-2004)
Ian St John (1974-1977) Velimir Zajec (2004-2005)
Jimmy Dickinson (1977-1979) Alain Perrin (2005-

Spelarstall

endre

Bakgrunnsstoff

endre