Middelklasse er eit sosiologisk omgrep som blir brukt om ei samfunnsklasse (eller eit samleomgrep som blir brukt om fleire samfunnsklasser) som blir plassert mellom arbeidarklassa og overklassa. Middelklassa i vestlege land blir delt som regel inn i to eller tre undergrupper, der øvre middelklasse utgjer den øvste gruppa og nedre middelklasse utgjer den lågaste. Orda middelklasse brukt åleine blir ofte brukt synonymt med nedre middelklasse dersom middelklassa blir delt i to, men nokre deler òg middelklassa i tre med ei «vanleg» middelklasse mellom øvre og nedre.

Omgrepet «øvre middelklasse» er brukt om den sosiale standen som inkluderer mellom anna lækjarar og juristar. Andre reknar desse yrkesgruppene heilt eller delvis til overklassa, og overgangen til overklassa kan vere flytande. I tillegg varierer oppfatningane av kva som er overklasse mellom land.

I kontrast bruker ein omgrepet «lågare middelklasse» og småborgarskap om yrkesgrupper som lærarar, funksjonærar og visse grupper sjølvstendig næringsdrivande.

Klasseinndelinga er noko Pierre Bourdieu (f. 1930) har vorte kjent for. Bourdieu var ein fransk kultur- og utdanningssosiolog. Bourdieu brukar spesielt omgrepet habitus for å skildre korleis homologi i ytre leveomstende fører til einsarta haldningar, preferansar, smak og åtferd. Nøkkelord her er økonomisk, kulturell og sosial kapital — dominerande klasse, middelklasse og dominerte klasse.

Sjå òg endre