Opna hovudmenyen
For tidsskriftet, sjå tidsskriftet Kapital.

Kapital er eit omgrep innan økonomi som viser til noko som kan investerast i produksjon av varer eller tenester.

OrdsogeEndra

Kapital er avleidd av latin capitalis, 'hovud-' (caput tyder 'hovud'), som på mellomalderlatin hadde tydinga 'hovudsum, hovuddel (av gjelda)'. Ordet har gjeve opphav til omgrepa «kapitalisme» og «kapitalist».

Klassisk økonomiEndra

I klassisk økonomisk tenking, slik omgrepet mellom anna er brukt av Adam Smith og David Ricardo, består kapital av følgjande element:

  • Det kan brukast til produksjon av andre varer.
  • Det har vorte produsert (i motsetnad til landområde, naturressursar og liknande).
  • Det blir ikkje brukt opp umiddelbart.

Ein skil mellom realkapital, konkrete fysiske ting som maskinar, verktøy, fabrikkbygningar, skip, lager av råvarer og så bortetter som kan setjast inn i ein produksjonsprosess, og penge- eller finanskapital, som viser til alle slags fordringar til ei verksemd eller ein økonomisk sektor.

MarxismeEndra

Karl Marx, forfattaren av Kapitalen, hevda at kapital er ei direkte følgje av privat eigedomsrett. Kapital er ifølgje Marx kvart og eit verd som gjev eigaren sin høve til å tileigne seig ein del av meirverdien produsert i den samfunnsmessige produksjonen.

Human kapitalEndra

I nyare sosialøkonomisk litteratur brukar ein omgrepet human kapital, som er uttrykk for kunnskapen og ferdigheitene til folkesetnaden. Denne kapitalen kan aukast gjennom utdanning og opplæring, som dermed er ei investering i human kapital. Studiar av økonomien til utviklingsland viser at human kapital er ein viktig faktor for å forklare kvifor einskilde land er fattige og andre økonomisk avanserte.

Kulturell kapitalEndra

Pierre Bourdieu innførte på 1970-talet omgrepet kulturell kapital, det å ha kunnskap om kulturelle uttrykksformer. Slik kunnskap er ein verdifull sosial ressurs som til dømes viser seg gjennom ei evne til å gje smaksdommar, kven som har «god» og kven som har «dårleg» smak, og dermed kven som skal inkluderast og blir ekskludert i sosial omgang.

KjelderEndra