Midtausten

geografisk område som strekkjer seg over store delar av Vest-Asia og Egypt
(Omdirigert frå Midt-austen)

Midtausten er regionen mellom Middelhavet og Persiabukta. Land i det vestlege Asia og det nordlege Afrika som grensar til den regionen, vert òg ofte rekna med.

Kart over Midtausten

Eurosentrisme

endre

Mange har kritisert namnet Midtausten av di ein kan oppfatta det som eurosentrisk. Regionen ligg i aust frå ein vesteuropeisk ståstad, men for ein indar ligg han i vest. For ein russar ligg han i sør. Førestavinga midt- har også ført til ein del forvirring, av di før første verdskrigen, nytta ein ofte uttrykket Det nære austen om Balkan og Det osmanske riket, medan Midtausten viste til Persia, Afghanistan og nokre gonger Sentral-Asia, Turkestan og Kaukasus. Til skilnad frå Det fjerne austen som viste til landa i Aust-Asia som Kina, Japan, Korea, Hongkong, Taiwan osv. Etter at Det ottomanske imperiet fell i 1918, slutta ein å nytta uttrykket Det nære austen, medan Midtausten i større grad vart nytta om dei nye statane i Den arabiske verda.

Sjå òg

endre
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.