Midtre Regndalstinden

Midtre Regndalstinden (1540 moh.) er eit fjell på Sunnmøre. Grannefjella Råna i nord og Urkedalstinden sør for Midtre Regndalstinden, ligg alle på grenselinja mellom kommunane Sykkylven og Ørsta. Regndalstindane er eit samlenamn på dei tre fjelltoppane. Regndalen, med Regndalsbreen, ligg aust for Midtre Regndalstinden og Råna.

Midtre Regndalstinden er lettast å nå langs same ruta (-ene) som ein nyttar til Råna. Frå Midtre Rengdalstinden er det ein lett tur til Råna.