Miguel Ángel Indurain Larraya (fødd 16. juli 1964) er ein tidlegare spansk syklist som vert rekna for ein av dei beste syklistane i historia.

Miguel Indurain


Statsborgarskap Spania
Fødd 16. juli 1964 (60 år)
Villava
Idrett landevegssykling
Tok del i Tour de France, cycling at the 1996 Summer Olympics – men's time trial, 1990 UCI Road World Rankings, 1991 UCI Road World Rankings, 1992 UCI Road World Rankings, 1993 UCI Road World Rankings, 1994 UCI Road World Rankings, 1995 UCI Road World Rankings, 1987 UCI Road World Rankings, 1988 UCI Road World Rankings, 1989 UCI Road World Rankings, 1996 UCI Road World Rankings
Utmerkingar Ridder av Æreslegionen, Fyrsten av Asturias' pris for sport, Vélo d'Or, Vélo d'Or, storkors av Ordenen for sportsfortjenester, storkors av Den sivile fortjenstorden

Frå 1991 til 1995 vann Miguel Indurain Tour de France fem gongar på rad, noko ingen andre hadde greidd før. I 1992 og 1993 vann Indurain dessutan etapperittet Giro d'Italia. I 1994 sette han verdsrekord i 1 times sykling ved å leggje bak seg 53,040 kilometer.

I 1996 forsøkte Indurain å vinne Tour de France for sjette gongen, men måtte då sjå seg slått av den danske syklisten Bjarne Riis, som seinare har medgjeve at han brukte doping for å kome til topps. Under dei olympiske leikane i Atlanta same år, tok Indurain gull i temporittet. Etter denne OL-sigeren la Indurain opp som syklist.

Seinare har Lance Armstrong slått Indurains rekord ved å vinne Tour de France sju gongar, frå og med 1999 til og med 2005.

Høgdepunkt i karrieren

endre
Tour de France
1987: 97.plass
1988: 47.plass
1989: 17.plass
1990: 10.plass
1991:  1.plass
1992:  1.plass
1993:  1.plass
1994:  1.plass
1995:  1.plass
1996: 11.plass
Giro d'Italia
1992:  1.plass
1993:  1.plass
1994: 3.plass
Vuelta a España
1985: 84.plass
1986: 92.plass
1987: Braut
1988: Braut
1989: Braut
1990: 7.plass
1991: 2.plass
1996: Braut

Bakgrunnsstoff

endre