Opna hovudmenyen
Frå Vueltaen i Santander (2003)

Vuelta Ciclista a España (til vanleg Vuelta a España; på norsk òg Spania rundt eller Vueltaen) er ein av dei tre «Grands Tours» innan sykkelsporten, og etter Tour de France og Giro d'Italia det viktigaste etapperennet i verda. Rittet høyrde til UCI ProTour frå 2005 til 2007. Frå 2011 har det tilhøyrt etterfølgaren UCI World Tour. Arrangørar er firmaet Unipublic.

HistorieEndra

Vueltaen blei første gong arrangert i 1935, og frå 1955 har rittet blitt arrangert kvart år. Det første året konkurrerte 50 deltakarar over 14 etappar med ei snittlengd på 240 km kvar. Totaldistansen var 3 411 km. Vueltaen blei starta av Juan Pujol for å auke salet av dagsavisa Informaciones etter at han såg kor viktige dei franske og italienske etapperitta var for å auke salet av sponsoravisene L'Auto og La Gazzetta dello Sport.

I starten blei Vueltaen arrangert om våren, til vanleg seint i april, men for å unngå direkte konkurranse med Giro d'Italia som går føre seg i mai, blei Vueltaen frå og med 1995 flytta til september.

SærdragEndra

Rittet går føre seg over tre veker gjennom Spania og det nære utlandet og finaleetappen blir gjerne lagt til Madrid.

Til vanleg blir arrangementet bygd opp av flate etapper som favoriserar sprintarane, mellomtunge etapper som er veleigna for utbrytargrupper og fjelletapper som favoriserer klatrespesialistane. I tillegg er det gjerne to tempoetappar. Vueltaetappene er relativt kuperte, noko som har ført til at det stort sett er sterke klatrar som har tatt samanlagtsigeren.

I 1999 stod klatreetappen opp Alto de El Angliru i Asturias på programmet for første gong. Stigninga er opp mot 24% på det brattaste, og stigninga blir rekna som ei av dei hardaste i noko landevegsritt. Seinare har denne etappen blitt eit særmerke for Vueltaen.

Vinnarar av Vuelta a EspañaEndra

2016   Colombia Nairo Quintana
2015   Italia Fabio Aru
2014   Spania Alberto Contador
2013   USA Chris Horner
2012   Spania Alberto Contador
2011   Spania Juan José Cobo
2010   Italia Vincenzo Nibali
2009   Spania Alejandro Valverde
2008   Spania Alberto Contador
2007   Russland Denis Mensjov
2006   Kasakhstan Aleksandr Vinokurov
2005   Russland Denis Mensjov
2004   Spania Roberto Heras
2003   Spania Roberto Heras
2002   Spania Aitor Gonzalez
2001   Spania Angel Luis Casero
2000   Spania Roberto Heras
1999   Tyskland Jan Ullrich
1998   Spania Abraham Olano
1997   Sveits Alex Zülle
1996   Sveits Alex Zülle
1995   Frankrike Laurent Jalabert
1994   Sveits Tony Rominger
1993   Sveits Tony Rominger
1992   Sveits Tony Rominger
1991   Spania Melchor Mauri
1990   Italia Marco Giovanetti
1989   Spania Pedro Delgado
1988   Republikken Irland Sean Kelly

1987   Colombia Luis Herrera
1986   Spania Alvaro Pino
1985   Spania Pedro Delgado
1984   Frankrike Eric Caritoux
1983   Frankrike Bernard Hinault
1982   Spania Marino Lejarreta
1981   Italia Giovanni Battaglin
1980   Spania Faustino Ruperez
1979   Nederland Joop Zoetemelk
1978   Frankrike Bernard Hinault
1977   Belgia Freddy Maertens
1976   Spania José Pesarrodona
1975   Spania Augustin Tamames
1974   Spania José Manuel Fuente
1973   Belgia Eddy Merckx
1972   Spania José Manuel Fuente
1971   Belgia Ferdinand Bracke
1970   Spania Luis Ocaña
1969   Frankrike Roger Pingeon
1968   Italia Felice Gimondi
1967   Nederland Jan Janssen
1966   Spania Francisco Gabica
1965   Tyskland Rolf Wolfshohl

1964   Frankrike Raymond Poulidor
1963   Frankrike Jacques Anquetil
1962   Tyskland Rudi Altig
1961   Spania Angelino Soler
1960   Belgia Franz De Mulder
1959   Spania Antonio Suarez
1958   Frankrike Jean Stablinski
1957   Spania Jesus Loroño
1956   Italia Angelo Conterno
1955   Frankrike Jean Dotto
1951-1954 Ikke arrangert
1950   Spania Emilio Rodriguez
1949 Ikkje arrangert
1948   Spania Bernardo Ruiz
1947   Belgia Edouard Van Dyck
1946   Spania Dalmacio Langarica
1945   Spania Delio Rodriguez
1943-1944 Ikkje arrangert
1942   Spania Julian Berrendero
1941   Spania Julian Berrendero
1937-1940 Ikkje arrangert
1936   Belgia Gustave Deloor
1935   Belgia Gustave Deloor

BakgrunnsstoffEndra