Mikal Telle (fødd 1976) er ein bergensk musikkmanager som står bak plateselskapa Tellé Records, Éllet og Opplett (saman med Erlend Øye).

Mikal Telle
Fødd1976 (48 år)
OpphavNoreg
Verka somtalent manager

Telle er kjent for å vere ein katalysator for delar av norsk undergrunnsmusikk og elektronika.[1] Han står mellom anna bak Röyksopp, Datarock og Kings of Convenience.[2]

I 1995 starta Telle platebutikken Primitive Records, som vart starten på utviklinga av Tellé Records, og via butikken fekk han distribuert utgjevingane han gav ut.[3]

I 2002 fekk Telle Bergen kommune sin kunstnarpris på 50 000 kroner.[4]

I 2011 kom boka Øving er for drittband, som handlar om Mikal Telle og Datarock, ut.[5] Same året fiek han prisen «Årets Bylarmer».[6] Han fikk Bjellesauprisen fra FONO i 2014.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre