Mike Elizondo
Mike Elizondo (fødd 22. oktober 1972) er ein USA-amerikansk produsent, låtskrivar og multi-instrumentalist. Han var ein protesjé hos Dr. Dre og er kjend for ein særs variert CV[1] som omfattar arbeid med 50 Cent, Eminem, Carrie Underwood, Fiona Apple, Mastodon, Ry Cooder og Twenty One Pilots, blant fleire. Av songar han har vore med å skrive finn ein «In Da Club» av 50 Cent, Eminem sine «Just Lose It» og «The Real Slim Shady», «Family Affair» av Mary J. Blige og Carrie Underwood sin «Cowboy Casanova».[2][3][4] Han har vunne Grammyprisen og vore nominert fire gonger.[5] Han har medverka på album som til saman har selt over 60 millionar eksemplar i USA aleine.[6]
Mike Elizondo | |||
| |||
Fødd | 22. oktober 1972 (52 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Pacoima i California i USA | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1995 | ||
Sjanger | |||
Instrument |
| ||
Tilknytte artistar | |||
Plateselskap | Aftermath Entertainment, Warner Records | ||
Verka som |
|
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mike Elizondo» frå Wikipedia på engelsk, den 25. september 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «HITS Daily Double : Rumor Mill - STRAIGHT OUTTA PACOIMA». HITS Daily Double (på engelsk). Henta 25. september 2020.
- ↑ «Top Writer/Produsent Mike Elizondo Co-Writes Big Hits For Eminem, 50 Cent and Mary J. Blige». Songwriter Universe | Songwriting News, Articles & Song Contest (på engelsk). 1. desember 2004. Henta 10. oktober 2019.[daud lenkje]
- ↑ «Gear: Mike Elizondo's Ultimate Playroom». Billboard. Henta 12. desember 2019.
- ↑ «50 Cent collaborator Mike Elizondo talks about joining 'da club' at 'Live From Here'». Star Tribune. Henta 9. oktober 2019.
- ↑ «Mike Elizondo». GRAMMY.com (på engelsk). 19. november 2019. Henta 25. september 2020.
- ↑ «Gold and Platinum certifications». RIAA. 17. desember 2019. Henta 17. desember 2019.