Opna hovudmenyen

Mike Howlett

fijiansk komponist og musikkprodusent

Michael John Gilmour Howlett (fødd 27. april 1950) er ein fijiansk musikar og prisvinnande produsent og lærar med base i Storbritannia og Australia.

Mike Howlett
Steve Hillage Band.jpg
Steve Hillage Band (19. juni 2009), frå venstre: Miquette Giraudy (klaverinstrument), Steve Hillage (gitar), Chris Taylor (trommer) og Mike Howlett (bass).
Fødd27. april 1950 (69 år)
FødestadLautoka på Fiji
FødenamnMichael John Gilmour Howlett
AliasMister T. Being
OpphavSydney
SjangerProgressiv rock, new wave
Instrumentbassgitar
Tilknytte artistarThe Affair, Gong, Strontium 90
Verka somProdusent, musikar

Seint i 1960-åra var Howlett bassist i det australske popbandet The Affair. Gruppa reiste til England etterr rå ha vunne Hoadley's Battle of the Sounds og Howlett slo seg ned i London. I 1973 vart han med i den britiske progressiv rock-gruppa Gong, der han vart verande til 1977.

Etter Gong skipa Howlett det kortvarige bandet Strontium 90, som bestod av han sjølv, Sting, Stewart Copeland og Andy Summers.[1] Howlett var frontmann i bandet, som vart oppløyst då Summer slutta for å bli med Copeland og Sting i eit anna prosjekt, The Police.

Nokre månader etter Strontium 90 var oppløyst, fekk Howlett saman studiobandet The Radio Actors, med Gong-kompisen Steve Hillage på sologitar og Sting på solovokal.[2] Bandet gav berre ut ein singel, ,«Nuclear Waste» med «Digital Love», som kom ut på CD i 1995.

I 1980-åra vart Howlett ein etterspurt produsent. Han produserte mange hitsinglar og album for leiande new wave-artistar som A Flock of Seagulls, The Alarm, China Crisis, Martha & the Muffins, Orchestral Manoeuvres in the Dark, Stephen Duffy, Gang of Four og Comsat Angels. Han produserte òg albumet Secret Secrets for Joan Armatrading i 1985.

Howlet var stundom med i Gong på ymse konsertar kring i verda. I 1993 starta han sitt eige plateselskap, Mauve, som gav ut album av Rafa Russo, Debbie Cassell og Jay Fisher. Frå 2005 til 2009 var Howlett styreformann i The Music Producers Guild (MPG).[3]

Howlett tok doktorgrad i musikkproduksjon i 2009 og har halde foredrag i musikkteknologi ved fleire universitet.[3] I 2009 vart han leiar for musikkavdelinga til Queensland University of Technology i Brisbane i Australia.[4]

ProdusentEndra

Fischer-Z
Punishment of Luxury
Martha & The Muffins
The Revillos
The Teardrop Explodes
  • «When I Dream» (1980)
Orchestral Manoeuvres in the Dark
Sniff 'n' the Tears
  • Love/Action (1981); Ride Blue Divide (1982)
Thompson Twins
Any Trouble
  • Wheels in Motion (Stiff, 1981)
Tears for Fears
Gang of Four
Blancmange
A Flock of Seagulls
Hunters & Collectors
  • Hunters & Collectors (1982); Payload (EP, 1982)
Comsat Angels
China Crisis
John Foxx
Berlin
Joan Armatrading
  • Secret Secrets (1985)
The Alarm
The Ward Brothers
  • Madness of It All (1986, ikkje alle songane)
TV21
  • All Join Hands (1982)





KjelderEndra

  1. «Planet Gong: Tribal: Maze: Mike Howlett». Arkivert frå originalen 6. mars 2003. Henta 17. november 2019. 
  2. Williamson, Harry (1994). «Earthdate Summer 1977». In Nuclear Waste (pp.7) [CD booklet]. Durham: Voiceprint.
  3. 3,0 3,1 «Music Producers Guild – Members Directory – Mike Howlett». Henta 17. november 2019. 
  4. «Calyx – The Canterbury Website: Mike Howlett biography». Henta 17. november 2019. 

BakgrunnsstoffEndra