Mikkel R. Vindal
Mikkel Rasmusson Vindal (15. april 1833–5. mars 1914) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Oppdal i Sør-Trøndelag.
Mikkel R. Vindal | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. april 1833 Oppdal |
Død | |
Yrke | politikar, bonde |
Språk | norsk |
Politisk parti | Høgre, Moderate Venstre |
Vindal var son til ein gardbrukar. Han gjekk amtslandbruksskulen, der han tok eksamen i 1853. Åra 1856 og 1858 var han assistent hos statens reiseagronom med stipend frå amtet. Frå 1859 til 1904 var han gardbrukar på farsgarden. Han var medlem av heradsstyret i Oppdal frå 1868 og hadde elles mange kommunale verv.
Vindal representerte Søndre Trondhjems amt på Stortinget frå 1877 til 1882. Han var då medlem av gasje- og pensjonskomiteen. Perioden 1889-91 var han 3. varamann frå same valkrinsen, men møtte 1890-sesjonen og større delar av 1891-sesjonen. 1890-91 var han medlem av justiskomiteen, i 1891 var han medlem av Lagtinget og valkomiteen.
Han døydde i 1914 på slektsgarden i Oppdal.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak (1914).Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania.
- Biografisk informasjon om Mikkel R. Vindal NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv