Mikkjel Arneson Fønhus (14. mars 189428. oktober 1973) var ein norsk forfattar. Fønhus kom frå Sør-Aurdal kommune i (Valdres) i Oppland fylke, der han budde mestedelen av livet. I kortare periodar budde han i Oslo. Fyrst var han student og seinare som journalist i De Norske Intelligentsedler. Han reiste mellom anna til Afrika, Amerika og Nord-Noreg. På reisene fekk han inntrykk som han nytta i forteljingane sine.

Mikkjel Fønhus
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. mars 1894
Sør-Aurdal
Død

28. oktober 1973 (79 år)
Sør-Aurdal

Yrke skribent, journalist, oppdagar
Språk norsk
Nettstad https://www.mikkjelfonhus.no/

Fønhus debuterte med Skoggangsmann i 1917, og fekk eit gjennombrot allereie med si andre bok i 1919, med tittelen Der villmarka suser. I løpet av 1920-talet etablerte Fønhus seg som ein folkekjær forfattar, med store opplag av bøker som Det skriker fra Kverrvilljuvet, Troll-elgen, Under polarlyset, Rauldalsdansen og Reinsbukken på Jotunfjell. Fønhus var ein sært produktiv forfattar, og den totale lista over verka hans tel over femti bøker. Fleire av bøkene vart utgjevne etter at han døydde.

Fønhus er kjend for sine dyre- og naturskildringar.

Utmerkingar endre

Viktige verk endre

  • 1917Skoggangsmand
  • 1919Der vildmarken suser
  • 1920Det skriker fra Kverrvilljuvet
  • 1921Troll-elgen
  • 1934Ontarioskogen
  • 1936Skiløperen
  • 1942Elge-Knut
  • 1966Gaupe

Bakgrunnsstoff endre