Mikojan-Gurevitsj MiG-31

Mikoyan MiG-31 (NATO-kallenamn: «Foxhound») er eit russiskprodusert jagarfly. Den er ein høghastighetsavskjeringsjager, og vart konstruert for å erstatte den eldre modellen MiG-25.

MiG-31 Foxhound

Utvikling endre

På starten av 1970-talet blei det klart at samanlikna med tilsvarande NATO fly, var den sovjetiske avskjeringsjagaren MiG-25 var utdatert. Ein byrja difor utviklinga på ein erstatning, og i september 1975 flaug for fyrste gong prototypen på det som etterkvart vart MiG-31.

MiG-31 vart sett i serieproduksjon i 1979, og vart teken inn i operativ teneste 3 år seinare. Det første biletet av flyet vart tatt av ein norsk pilot over Barentshavet i 1985.

Skildring endre

MiG-31 er et tomotors jetfly. Det har ei besetning på to, i tillegg til piloten er det ein våpensystemoffiser i baksetet.

MiG-31 er 22,69 meter lang, og har eit vengespenn på 13,36 meter. Vekta av flyet når det er tomt er 21 820 kg, med våpen veg flyet 41 000 kg.

Flyet har et fart på 1 500 km/t ved havoverflata, og 3 000 km/t ved marsjhøgda. Flyet har ei rekkevidde på 720 km.

MiG-31 er væpna med ein 23 mm kanon, samt fire missil av typen Vympel R-33. I tillegg var det plass til ein av følgjande: To Bisnovat R-40-missil, fire Molniya R-60-missil eller fire Vympel R-77-missil.

Produksjon og teneste i dag endre

Ca. 500 MiG-31 vart produsert før Sovjetunionen kollapsa. Av desse er ca. 300 framleis i aktiv teneste i det russiske flyvåpenet, Samt 20 fly som er i Kasakhstan.

Produksjonen av MIG-31 stoppa opp i 1991. Det vert ikkje lengre produsert reservedelar til flyet. Mange skvadroner med MIG-31 er difor ikkje operative, i 1996 var berre 20 % av flya i russisk teneste klar til strid.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Mikoyan-Gurevich MiG-29