Nord-Marianane, engelsk Northern Mariana Islands, er eit samvelde (commonwealth) i politisk union med USA, vest i Stillehavet. Øygruppa Marianane, som òg omfattar øya Guam i sør, var spansk område frå 1667 til 1899. Dei vart oppkalla etter den spanske dronninga, Maria Anna av Austerrike. I 1899 selde Spania Nord-Marianane til Tyskland. Guam vart avstått til USA etter den spansk-amerikanske krigen same året. Etter den første verdskrigen vart øyane gitt av Folkeforbundet til Japan som mandatområde. Etter den andre verdskrigen tok USA over øyane. På enkelte øyar hadde det vore harde kampar mellom amerikanarar og japanarar under krigen. I 1978 fekk Nord-Marianane sin noverande status som samvelde i politisk union med USA. Ibuarane er amerikanske borgarar, men har ikkje stemmerett ved amerikanske presidentval.

Nord-Marianane
Flagg
Flagg
Våpen
Våpen
Flagg Våpen
Nord-Marianane på verdskartet
Nord-Marianane på verdskartet
Status Samvelde i politisk union med USA
Guvernør Benigno R. Fitial
Hovudstad Saipan
Offisielt språk Engelsk, chamorro, karolinsk
Areal

- % vatn

477 km²

ubetydelig

Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 80 800 (2005)
ca. 169/km²

Verdsdel Oseania
Internet-domene .mp
Tidssone UTC +10
Internasjonal telefonkode +1 670
Nasjonalsong Gi Talo Gi Halom Tase(Chamorro)
Satil Matawal Pacifico(Karolinsk)