Milanokvartettane av Mozart

Milanokvartettane var seks strykekvartettar, K. 155-160, komponerte av Wolfgang Amadeus Mozart seint i 1772 og tidleg i 1773. Fordi dei vart komponerte i Milano medan han arbeidde på operaen Lucio Silla, har dei fått namnet Milanokvartettane. Før dette settet vart komponert, hadde Mozart bere skrive ein strykekvartett tidlegare (K. 80 i 1770), så desse seks kvartettane fekk nummera 2 til 7. Kvartettane vart skrivne i nøklane D-G-C-F-B-E.

Alle dei seks kvartettane har berre tre satsar kvar. Fire av desse kvartettane (K. 156-159) har langsame satsar i moll. Finalane er generelt lette, og vanlegvis menuettar eller rondoar.[1]

Milanokvartettane endre

Kvartett nr. 2 i D-dur, K. 155 endre

Skriven hausten 1772 i Bolzano.

  1. Allegro
  2. Andante
  3. Molto allegretto

Kvartett nr. 3 i G-dur, K. 156 endre

Skriven mot slutten av 1772 i Milano.

  1. Presto
  2. Adagio
  3. Tempo di minuetto

Kvartett nr. 4 i C-dur, K. 157 endre

Skriven mot slutten av 1772 i Milano og premiert tidleg i 1773.

  1. Allegro
  2. Andante
  3. Presto

Kvartett nr. 5 i F-dur, K. 158 endre

Skriven tidleg i 1773 i Milano.

  1. Allegro
  2. Andante un poco allegretto
  3. Tempo di minuetto

Kvartett nr. 6 i H-dur, K. 159 endre

Skriven tidleg i 1773 i Milano.

  1. Andante
  2. Allegro
  3. Rondo

Kvartett nr. 7 i Ess-dur, K. 160 endre

Skriven tidleg i 1773. Den andre satsen er kjend for den opninga utan grunntone[1].

  1. Allegro
  2. Un poco adagio
  3. Presto

Kjelder endre

  1. Heartz, Daniel, Haydn, Mozart, and the Viennese School, 1740-1780. W.W. Norton & Company (ISBN 0393965333), p. 561-562 (1995).

Bakgrunnsstoff endre