Bolzano

kommune i Italia

Bolzano (tysk Bozen, ladinsk Bulsan, latin Bauzanum, mange italienske dialektar i området nyttar Bolzan eller Bulsan) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Bolzano i regionen Trentino-Alto Adige og har om lag 100 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Isarco i Alpane.

Bolzano
by
Våpenskjold
Land  Italia
Region Trentino-Alto Adige
Provins Bolzano
Areal 52,29 km²
Folketal 106 107  (1. januar 2023)
Postnummer 39100
Retningsnummer 0471
Kart
Bolzano
46°29′53″N 11°21′17″E / 46.498113°N 11.35478°E / 46.498113; 11.35478
Wikimedia Commons: Bolzano

Historie

endre

Staden var opphavleg busett av raetiarar og seinare av romarane i 15 fvt. under Nero Claudius Drusus som bygde ei bru over elva Isarco. Landsbyen vart kalla Bauzanum. Bolzano har vore ein handelssstasjon sidan han vart grunnlagd og fekk status som by på 1200-talet. Byen var relativt viktig sidan han låg langs handelsvegen mellom Venezia og Augsburg. Fire gonger i året vart det halde ein marknad der handelsmenn møttest frå nord og sør. Det vart derfor utnemnd handelsleiarskap i 1635 som vart styrt av to italienarar og to tyskarar.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Bolzano
  Reiseguide for Bolzano frå Wikivoyage