Mildred McDaniel
Mildred Louise McDaniel, gift Singleton, (3. november 1933–5. oktober 2004), også kjend som Millie McDaniel, var ein USA-amerikansk høgdehoppar som vart olympisk meister i øvinga i 1956.
Mildred McDaniel | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 4. november 1933 Atlanta |
Død | 30. september 2004 (70 år) Pasadena |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1956 |
McDaniel, som var frå Atlanta i delstaten Georgia, vart USA-meister i høgdehopp i 1953, 1955 og 1956. I 1955 vann ho høgdetevlinga i dei panamerikanske leikane i Mexico-byen med eit hopp på 1,68 meter.
Høgdepunktet for McDaniel kom 1. desember 1956 då ho i finalen under Sommar-OL 1956 i Melbourne i sitt andre forsøk på verdsrekordhøgda 1,76 meter tok seg over lista. Dermed vann ho den olympiske gullmedaljen framom favoritten Thelma Hopkins frå Storbritannia.
McDaniel-Singelton døydde i Pasadena i California, der ho hadde arbeidd som gymnastikklærar sidan 1958.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mildred McDaniel» frå Wikipedia på tysk, den 5. august 2015.