Militært patruljeløp

Militært patruljeløp er ein vinteridrett for lag der utøvarane konkurrerer i langrenn, eventuelt fjellskikjøring, og rifleskyting. Sporten blir vanlegvis utøvt mellom landslag, eller mellom lag frå ulike militære einingar. Moderne skiskyting er utvikla frå militært patruljeløp.

Militært patruljeløp i Riesengebirge i Tyskland i 1932.

Øvinga omfattar 25 km langrenn (15 km for kvinner) og rifleskyting. Høgdeforskjellane i løypa må vera frå 500 til 1200 meter (300 til 700 for kvinner). Dagens reglar minnar mykje om dei for skiskyting. Etter eldre reglar måtte kvart lag bestå av ein offiser, ein underoffiser og to meinige. Offiseren bar pistol i staden for rifle, og deltok ikkje i skyteøvinga. Underoffiseren og dei meinige måtte bera minst 24 kg oppakning. Dagens reglar har tek ut oppakning, og riflene liknar på dei brukte i skiskyting.

Militært patruljeløp har vore del av meisterskapen til det internasjonale militærsportsrådet sidan 1929. Det var også på programmet i dei to første Vinter-OL; 1924 og 1928. Patrouille des Glaciers er eit årleg alpint skirenn i Sveits med bakgrunn i militært patruljeløp.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre