Millstätter See
Millstätter See er ein innsjø Kärnten i Austerrike nordaust for den vesle byen Spittal an der Drau. Han er om lag 12 kilometer lang og opp til 1,8 kilometer brei. På det djupaste er han 142 meter, og kan nå temperaturar på 25 °C om sommaren. Dermed er innsjøen ein av dei varmaste innsjøane i Austerrike, og årsaka er vatn som kjem frå varme kjelder i innsjøen.
Millstätter See | |||
innsjø | |||
Land | Austerrike | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Riegerbach | ||
Nedslagsfelt | 280 km² | ||
Høgd over havet | 588 moh. | ||
Lengd | 12 km | ||
Breidd | 1,8 km | ||
Areal | 13 km² | ||
Middeldjupn | 89 m | ||
Største djupn | 142 m | ||
Volum | 1,205 km³ | ||
Koordinatar | |||
Byar | Seeboden, Millstatt, Döbriach | ||
Millstätter See 46°47′42″N 13°34′47″E / 46.795°N 13.579722222222°E | |||
Kart som viser Millstätter See.
| |||
Wikimedia Commons: Millstätter See |
Innsjøen var danna av ein isbre under siste istid, og spora etter isbreen er tydeleg på begge sider av innsjøen. Fjella like nord for innsjøen strekkjer seg opp til 2000 meter over havet, og i sør opp mot 900 m.
Namnet kjem frå landsbyen Millstatt som ligg like ved innsjøen.