Elizabeth Gladys Millvina Dean (2. februar 191231. mai 2009) var ei britisk kvinne kjent som den siste overlevande frå RMS «Titanic». Ho var den yngste passasjeren ombord, og hadde ingen minne frå Titanic.

Millvina Dean

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 2. februar 1912
Branscombe
Død

31. mai 2009 (97 år)
Ashurst

Yrke kartograf
Språk engelsk
Millvina Dean på Commons

Tidleg liv endre

Millvina vart fødd i London 2. februar 1912. Foreldra var Bertram Frank Dean og Georgette Eva Light. Ho hadde ein eldre bror, Bertram Vere Dean, som vart fødd i mai 1910. Ho gifta seg aldri, og fekk ingen barn.[1]

Titanic endre

Foreldra til Millvina bestemde seg for å forlata England og emigrera til Wichita i Kansas der faren hennar skulle opna ein tobakksbutikk. Familien Dean skulle eigentleg ikkje ha vore med på Titanic, men på grunn av ein kolstreik vart dei overflytta til Titanic som tredjeklassepassasjerar i Southampthon. Millvina var nesten fylt to månader då dei gjekk ombord på skipet. Far til Millvina følte kollisjonen med isfjellet natt til 15. april 1912, og etter nærare undersøkingar kom han tilbake til lugaren, for å beordra kona og barna sine om å kle på seg og gå opp på dekk. Millvina, mora og broren hennar vart alle plasserte i livbåt nr. 10, og overlevde. Faren hennar omkom, og om han vart funnen, vart han aldri identifisert.

Seinare liv endre

Millvina sleit med høge rekningar på pleieheimen der ho budde på dei eldre dagane . For å kunna nedbetala nokre av desse selde ho derfor delar av Titanic-samlinga si. Ho døydde 31. mai 2009, 97 år gammal.

Kjelder endre

  1. AS, TV 2 (31. mai 2009), «Siste overlevende fra Titanic-forliset er død», TV 2 (på norsk), henta 21. november 2021