Milo Đukanović
Milo Đukanović (fødd 15. februar 1962 i Nikšić) er ein montenegrinsk politikar og president i Montenegro. Han var statsminister i Montenegro frå februar 1991 til februar 1998, 2003 til 2006 og februar 2008 til desember 2010, og frå 2012 til 2016. Han var president i Montenegro frå januar 1998 til november 2002 og igjen frå mai 2018.
Milo Đukanović | |
Statsborgarskap | Montenegro |
Fødd | 15. februar 1962 (62 år) Nikšić |
Yrke | politikar |
Språk | montenegrinsk |
Verv | Statsminister i Montenegro |
Periode | 1991-1998 |
Føregangar | Radoje Kontić |
Etterfylgjar | Filip Vujanović |
Verv | Statsminister i Montenegro |
Periode | 2003-2006 |
Føregangar | Filip Vujanović |
Etterfylgjar | Željko Šturanović |
Verv | Statsminister i Montenegro |
Periode | 2008-2010 |
Føregangar | Željko Šturanović |
Etterfylgjar | Igor Lukšić |
Verv | Statsminister i Montenegro |
Periode | 2012-2016 |
Føregangar | Igor Lukšić |
Etterfylgjar | Duško Marković |
Verv | President i Montenegro |
Periode | 1998-2002 |
Føregangar | Momir BulatovićMomir Bulatović |
Etterfylgjar | Filip Vujanović |
Politisk parti | Demokratska partija socijalista Crne Gore |
Religion | ateisme |
Milo Đukanović på Commons |
Đukanović var ein sterk forkjempar for sjølvstende for Montenegro, noko han oppnådde i juni 2006. I november same året gjekk han av som statsminister, sjølv om partiet hans nettopp hadde vunne parlamentsvalet. Han erklærte at han hadde fått nok av politikk, og ville prøva seg som forretningsmann. 31. januar 2008 gjekk etterfylgjaren hans, Željko Šturanović, av av helsegrunnar, og Đukanović kom tilbake som statsminister for ein tredje periode.