Min Geaidnu (Mijá Gäjnno eller Mijjen Geajnoe, svensk «vår veg») er eit samisk politisk parti i det svenske sametinget. Partiet vart danna i samband med at sametinget vart oppretta i 1993, og har vore representert i sametingsfullmäktige sidan det. Etter valet 2005 har partiet 3 mandat i sametingsfullmäktige. Partileiar er Sara Larsson.

Partiet legg vekt på at det ikkje representerer det ein kallar «samiske særintresser», men det vil drive ein «progressiv» politikk i samband med det samiske folkefleirtalet sine interesser.