Michinmahuida (òg skrive Michimahuida) er ein isdekt stratovulkan som ligg i Los Lagos-regionen i Chile. Han ligg kring 15 km aust for vulkanen Chaitén, og vart dekke av mykje oske under utbrotet til Chaitén i 2008.[1] Stratovulkanen ligg oppom den regionale Liquine-Ofqui-forkastinga og det isdekte massivet ruvar over den sørlege delen av Pumalín Park. Han har ei høgd på 2450 meter over havet.

Minchinmávida
fjell
Vulkanen ligg midt i dette biltet, til høgre bak oskesøyla til vulkanen Chaitén som har utbrot.
Land  Chile
Fjellkjede Andes
Høgd 2 450 moh.
Primærfaktor 1 518 m
Koordinatar 42°47′57″S 72°26′45″W / 42.79917°S 72.44583°W / -42.79917; -72.44583
Vulkantype Stratovulkan
Siste utbrot 1835
Kart
Minchinmávida
42°47′57″S 72°26′45″W / 42.799166666667°S 72.445833333333°W / -42.799166666667; -72.445833333333
Wikimedia Commons: Michinmahuida

Kjelder endre