Mio, min Mio er Astrid Lindgrens roman om ein foreldrelaus gut som ikkje føler seg heime i Stockholm, og som i staden finn ein far, ein venn og ein heim i Landet i det fjerne.

Bo Vilhelm Olsson, eller berre Bosse, er eit adoptivbarn som ikkje trivst med foreldra sine, namnet sitt, eller livet sitt. Ein dag mens han sit på ein benk i Tegnérlunden finn han ei flaske. Han opnar henne og ut kjem ein ande. Ein ande som kjem frå Landet i det fjerne. Bosse får følgje med anden til Landet i det fjerne, og der treffer han den eigentlege faren sin, Far Kongen. Men far hans kallar han for Mio, for det er det verkelege namnet hans.

I Rosengården treffer han ein gut som heiter Jum-Jum, som likaer heilt på vennen Benka heime i Stockholm. Alt er vedunderleg i Landet i det fjerne, men sorgfuglen fortel at alt ikkje er som det skal. Den vonde Kato har teke born til fange og gjort dei om til fuglar som i all æve skal sirkle rundt den store svarte borga hans. Saman rir Mio og Jum-Jum i veg på hesten Miramis for å slåst mot Kato.

Boka Mio, min Mio av Astrid Lindgren (1954) vart illustrert av Ilon Wikland. Boka kom på norsk med same tittel i 1955. Filmen med same namn kom 1987 i regi av Vladimir Grammatikov.