Kongedømet Valencia

Kongedømet Valencia (Regne de Valenciavalenciansk) var eit kristent kongedøme på austkysten av Den iberiske halvøya og låg under kongemakta Aragón. Då kongemakta Aragón oppstod som ein personalunion med kongemakta Castilla og danna Kongedømet Spania, vart Kongedømet Valencia ein del av Det spanske monarkiet.

Regne de Valencia
Kongedømet Valencia
1237–1707
Plasseringa til Valencia
Plasseringa til Valencia
Kongdømet Valencia og den administrative strukturen
Hovudstad Valencia
Styreform Monarki
Konge
 - Første Jakob I
 - Siste Filip IV
Historisk periode Mellomalderen
 - Kongedømet Valencia oppretta som sjølvstendig kongedøme 1237
 - Opphøyrde 1707

Kongedømet Valencia vart formelt skipa i 1237 då den mauriske taifaen Valencia vart erobra under reconquista. Kongedømet vart avskaffa av Filip V av Spania i 1707 med Nueva Planta-resolusjonen etter den spanske arvefølgjekrigen.

Medan det eksisterte hadde Kongedømet Valencia sine eigne lover og institusjonar (Furs de València) som gav dei breitt sjølvstyre både i kongemakta Aragón og seinare i Kongedømet Spania.

Grensene og identiteten til dagens spanske autonome region, regionen Valencia, er i stor grad basert på det tidlegare kongedømet.

Kjelder endre