Miriam Tlali
Miriam Tlali (11. november 1933–24. februar 2017) var ein sørafrikansk forfattar. Ho var den fyrste svarte kvinna i Sør-Afrika som gav ut ein engelskspråkleg roman, Between Two Worlds, i 1975. Ho var òg ein av dei fyrste som skreiv om Soweto. Størstedelen av tekstanen hennar blei opphavleg forbodne av apartheidstyret i Sør-Afrika.[1][2][3]
Miriam Tlali | |
Statsborgarskap | Sør-Afrika |
Fødd | 11. november 1933 Doornfontein |
Død |
24. februar 2017 (83 år) |
Yrke | skribent, romanforfattar, journalist |
Medlem av | International Writing Program |
Liv og virke
endreMiriam Masoli Tlali[4] vart fødd i Doornfontein i Johannesburg i Sør-Afrika, og voks opp i Sophiatown.[5] Ho gjekk på St. Cyprian's Anglican School og deretter Madibane High School. Ho studerte ved Universitetet i Witwatersrand til det blei stengt for svarte under apartheid-tida; seinare studerte ho ved National University of Lesotho (då kalla Pius XII University) i Roma i Lesotho.[5] Ho måtte forlata studiane på grunn av pengemangel, og tok i staden sekretærskule og fann arbeid som bokhaldar i ein møbelbutikk i Johannesburg.[5][6]
Tlali nytta erfaringane sine til å skriva den fyrste boka si, Muriel at Metropolitan, ein halv-sjølvbiografisk roman som gav eit nytt synspunkt i sørafrikansk litteratur.[7] Sjølv om han var skriven i 1969, blei han ikkje gjeven ut på seks år, og mange forlag i Sør-Afrika avviste han. I 1975 gav Ravan Press ut Muriel at Metropolitan, men berre etter å ha teke ut delar dei var redde kunne rammast av sensuren. Censorship Board hadde likevel motvilje mot boka, og ho blei forbanna kort tid etter utgjevinga.[8] Boka fekk eit breiare publikum etter at Longman gav henne ut i 1979 under namnet Between Two Worlds,[9] og ho blei omsett til fleire andre språk, som japansk, polsk, tysk og nederlandsk.[10]
Den andre romanen hennar, Amandla, var basert på Soweto-opprøret i 1976, og blei òg forboden i Sør-Afrika kort tid etter utgjevinga i 1980.[10] Seinare bøker av Tlali inkluderer Mihloti (som tyder ‘Tårer’), ei samling av noveller, intervju og sakprosa, som blei gjeven ut i 1984 på det svarte forlaget Skotaville, som Tlali var medgrunnleggjar av.[10] Romanane hennar blei ikkje tilletne i Sør-Afrika før i 1986.[11] Footprints in the Quag blei gjeven ut i 1989 av David Philip i Sør-Afrika, og under tittelen Soweto Stories av britiske Pandora Press.[[12][11]
Som forfattar drog Tlali til ulike delar av verda, mellom anna arbeidde ho eitt år i Nederland.[13] Ho var også i USA.[11] I 1978 tok ho del i eit internasjonalt forfattarprogram ved Iowa State University, og heldt forelesingar i San Francisco, Atlanta, Washington DC og New York. Mellom 1989 og 1990 var ho gjesteakademikar ved Sør-Afrika-forskingsprogrammet ved Yale University. [14] I 2010 var ho med på det internasjonale symposiet Women's Words: African Worlds: Renewing a Dialogue between African Women Writers and Women of African Descent ved Windybrow Theatre i Johannesburg.[15]
Tlali døydde i 2017, 83 år gammal.[16] Ei bok med eit utval av tekstane hennar blei gjeven ut med tittelen Miriam Tlali: Writing Freedom, med eit forord av redaktøren Pumla Dineo Gqola, blei gjeve ut i 2021.[17]
Privatliv
endreMiriam Tlali var gift med Stephen Lehutso, men i eit uvanleg val for ei sørafrikansk kvinne på denne tida heldt ho på jentenamnet sitt.[18] Dei fekk to barn. Ektemannen hennar døydde i 2001,[19] og dei to borna døydde òg før Tlali, sonen Moses i 2004 og dotter Molebogeng i 2012.[20]
Prisar og utmerkingar
endreI 1995 blei Tlali æra av sørafrikanske Department of Arts, Culture, Science and Technology med ein Literary Lifetime Achievement Award. I 2008 fekk ho Ikhamanga-ordenen i sølv.[11][10]
Bibliografi
endre- Muriel at Metropolitan, Johannesburg: Ravan Press, 1975. As Between Two Worlds, Longman, 1979.
- Amandla, South Africa: Vivlia Publishers, 1980, ISBN 978-0869751893.
- Mihloti, Johannesburg: Skotaville, 1984.
- Footprints in the Quag, David Philip Publishers, 1989, ISBN 978-0864861269. As Soweto Stories, London: Pandora, 1989.
- Geteilte Welt (Muriel at the Metropolitan German translation), Lehutso Legacy LLC., 1975
- Soweto Stories, German translation Lehutso Legacy LLC.
Kjelder
endre- ↑ "Famed author Miriam Tlali turns 80", eNews Channel Africa (ENCA), 11 November 2013.
- ↑ Boswell, Barbara. «Rest in power, Miriam Tlali: author, enemy of apartheid and feminist». Henta 2. mars 2017.
- ↑ Gugu Hlongwane, "Miriam Tlail", in Brian Schaffer (ed.), The Encyclopedia of Twentieth-Century Fiction, Wiley-Blackwell, 2011, pp. 1366–1368.
- ↑ Gugu Hlongwane, "Miriam Tlail", in Brian Schaffer (ed.), The Encyclopedia of Twentieth-Century Fiction, Wiley-Blackwell, 2011, pp. 1366–1368.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 "Miriam Tlali", South African Literary Awards (SALA).
- ↑ Hans M. Zell, Carol Bundy & Virginia Coulon, A New Reader's Guide to African Literature, Heinemann Educational Books, 1983, p. 499.
- ↑ Mary Dyer, Reality, vol. 7, no. 6, January 1976, p. 15.
- ↑ Theophilus T. Mukhuba, "An Introduction to Miriam Tlali's Muriel at Metropolitan", The Postcolonial Literature and Culture Web.
- ↑ Boswell, Barbara. «Rest in power, Miriam Tlali: author, enemy of apartheid and feminist». Henta 2. mars 2017.
- ↑ 10,0 10,1 10,2 10,3 "Miriam Tlali", South African History Online, 14. mars 2014.
- ↑ 11,0 11,1 11,2 11,3 "Miriam Tlali", South African Literary Awards (SALA).
- ↑ "Tlali, Miriam"; The Columbia Electronic Encyclopedia, 6th edition, 2007.
- ↑ Cecily Lockett, "An Interview with Miriam Tlali", Southern African Review of Books, June/July 1989, pp. 20–21.
- ↑ Women's Words: African Worlds: Renewing a Dialogue between African Women Writers and Women of African Descent, The Department Of Arts And Culture In Association With The Windybrow Theatre (Pan-African Centre For The Arts), 25-26 August 2010.
- ↑ Women's Words: African Worlds: Renewing a Dialogue between African Women Writers and Women of African Descent, The Department Of Arts And Culture In Association With The Windybrow Theatre (Pan-African Centre For The Arts), 25-26 August 2010.
- ↑ «SA's first black woman novelist‚ Miriam Tlali‚ dies». Henta 20. februar 2024.
- ↑ «'Miriam Tlali understood the complicated meanings of being "the first" for a black woman'—Read an excerpt from Pumla Dineo Gqola's new book Miriam Tlali: Writing Freedom». The Johannesburg Review of Books. 18. juni 2021. Henta 20. februar 2024.
- ↑ «Miriam Tlali refused to be silenced by apartheid». IOL. 5 March 2017. Henta 20. februar 2024.
- ↑ «South African author Miriam Tlali honoured by Google». Henta 20 February 2024.
- ↑ «South African author Miriam Tlali honoured by Google». Times Live. 11. november 2018. Henta 20. februar 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Miriam Tlali» frå Wikipedia på engelsk, den 24. februar 2024.