Mirja Annikki Lehtonen, gift Kierros, (19. oktober 194225. august 2009) var ein finsk langrennar frå Uurainen i Mellersta Finland som vann OL-sølv på 5 km under Vinter-OL 1964 i Innsbruck. Ho fekk elles med seg to stafett-bronsar frå høvesvis Ski-VM 1962 og dei nemnde vinterleikane i Innsbruck.

Mirja Lehtonen
Statsborgarskap Finland
Fødd 19. oktober 1942
Uurainen
Død

25. august 2009 (66 år)
Multia

Yrke langrennsløpar

Lehtonen vart finsk meister på 10 km i tre år på rad, 1961-63. Ho deltok i Ski-VM 1962 i Zakopane, der ho vart nummer fem i begge dei individuelle tevlingane før ho gjekk Finland inn til bronsemedalje i 3 x 5 km stafett, langt bak dei andre medaljevinnarane; Sovjetunionen og Sverige.

Både i 1963 og -64 vann Lehtonen 5 km i den finske meisterskapen. Vinteren 1964 gjorde ho sitt livs løp då ho fylgde sovjetiske Klavdija Bojarskikh heilt "til døra" på 5 km under Vinter-OL 1964 i Innsbruck, i mål skilte det 2,4 sekundar i favør gullgrossist Bojarskikh. Lehtonen vart så nummer ti på 10 km, før ho atter gjekk Finland i mål på stafetten til bronse.

Ho la opp etter 1965-sesongen.

Kjelder endre