Miroslav Stoch
slovakisk fotballspelar
Miroslav Stoch (fødd 19. oktober 1989 i Nitra) er ein slovakisk fotballspelar som har spela for Fenerbahçe i den tyrkiske toppserien og for det slovakiske landslaget.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 19. oktober 1989 | ||
Fødestad | Nitra | ||
Høgd | 168 cm | ||
Posisjon | Midtbane, ving | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Fenerbahçe | ||
Nummer | 11 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1995-2005 | Nitra | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2005-06 2006-10 2009-10 2010- |
Nitra Chelsea Twente (lån) Fenerbahçe |
3 (0) 4 (0) 32 (10) 4 (0) | |
Landslag | |||
2008- 2009- |
Slovakia U21 Slovakia |
7 (2) 19 (3) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17.september 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 7. september 2010 |
Stoch vart seriemeister i Nederland med Twente i 2010. Han debuterte for Slovakia sitt A-landslag 10. februar 2009, som innbytar i ein kamp mot Ukraina. Han skåra det første landslagsmålet sitt 6. juni 2009 i ein VM-kvalifiseringskamp mot San Marino. Han var med i Slovakia sin tropp til fotball-VM i 2010, der han spelte i alle Slovakia sine fire kampar, som innbytar i dei to første gruppekampane, og frå start i den siste gruppekampen og åttandedelsfinalen.