Miss Sarajevo
Singel av Passengers med Luciano Pavarotti
frå albumet Original Soundtracks 1
B-side

«Bottoms (Watashitachi no Ookina Yume)»
«Viva Davidoff»

Språk engelsk
Utgjeve november 1995
Innspelt 1995
Sjanger Rock, opera
Lengd 5:19 (album)
4:32 (radio edit)
Selskap Island
Komponist Brian Eno, Larry Mullen Jr., The Edge, Adam Clayton, Bono
Tekstforfattar Brian Eno, Larry Mullen Jr., The Edge, Adam Clayton, Bono
Produsent Brian Eno
U2-kronologi 
«Hold Me, Thrill Me, Kiss Me, Kill Me»
(1995)
Miss Sarajevo «Discothèque»
(1997)


«Miss Sarajevo» er den einaste singelen frå album Original Soundtracks 1 frå 1995 av U2 og Brian Eno, under psevdonymet Passengers. Luciano Pavarotti syng ein operasolo på songen. Songen finst òg på samleplata The Best of 1990-2000 og vart spelt av George Michael på albumet hans Songs from the Last Century. Songen nådde ikkje lista i USA, men 6. plass i Storbritannia og Topp 10 i mange europeiske land, mellom anna Noreg der han nådde 10. plass. Bono har omtalt «Miss Sarajevo» som sin favoritt U2-song.[1]

Historie

endre

Den amerikanske journalisten Bill Carter foreslo for Bono ein ideo om å filme ein dokumentar om motstandsrørsla i Sarajevo. Bono produserte ikkje berre filmen, men finansierte òg prosjektet. Dokumentaren omhandla ein venleikskonkurranse som vart halden i det krigsøydelagde Sarajevo i Bosnia. Vinnaren vart den 17 år gamle Inela Nogić]].

Kjelder

endre
  1. «Just the 2 of U». The Irish Times. 27. februar 2009. Arkivert frå originalen 6. desember 2012. Henta 25. april 2011. 

Bakgrunnsstoff

endre