Original Soundtracks 1

studioalbum av Passengers
Original Soundtracks 1
Studioalbum av Passengers
Språk engelsk
Utgjeve 7. november 1995
Innspelt Westside Studios, London i England og Hanover Quay Studios, Dublin, Ireland, 1995
Sjanger Eksperimentell, alternativ rock, ambient, elektronika
Lengd 58:03
Selskap Island
Produsent Brian Eno
Kritikk
U2-kronologi 
Melon: Remixes for Propaganda
(1995)
Original Soundtracks 1 Pop
(1997)
Brian Eno-kronologi
Spinner
(1995)
Original Soundtracks 1 The Drop
(1997)


Original Soundtracks 1 (òg kjend som berre Original Soundtracks) er eit album frå 1995 av U2 og Brian Eno, som eit sideprosjekt kalla Passengers. Det er ei samling songar skriven hovudsakleg for imaginære filmar (utanom songar for Heat, Ghost in the Shell, Miss Sarajevo, og Beyond the Clouds).

Bakgrunn endre

U2 og produsent Brian Eno danna Passengers som eit sideprojsjekt under starten på innspelinga av U2-albumet Pop, som kom ut i 1997. Meininga var å skrive musikken til Peter Greenaway-filmen The Pillow Book i 1996, som oppvarming før innspelinga av Pop.[7] Det vart ikkje noko av desse planane, så Eno føreslo og lage musikk for imaginære filmar. U2 var først usikre på ideen, men gjekk med på ideen då Eno fortalte dei at det ikkje var meininga å produsere radiohittar med samarbeidet.[7]

U2 hadde ofte improvisert tidlegare og på Original Soundtracks 1 jamma dei til videoklipp frå forskjellige filmar.[7] Gruppa førte inn produsenten Howie B til å ta opp og mikse nokre av songane etter fleire timar med jammar i studio.[7]

Om lag halvparten av albumet er instrumentalt, og vokalspora held seg som regel unna fengande melodiar som vanlegvis definerte musikken til U2. Av desse vert den fintfølande «Miss Sarajevo» med den italienske tenoren Luciano Pavarotti på vokal, rekna som den mest minneverdige.

I plateomslaget vert det hevda at songane var skrivne for filmar, og inneheld detaljerte skildringar om kva filmane omhandlar. Dette konseptet er på eit vis eit framhald av det tidlegare Music for Films-albumet til Eno.

Mottaking endre

På grunn av musikkstilen og at det vart gjeve ut under eit anna namn, er albumet det minst kjende og det som har seld dårlegast av albuma til U2. Kritikarane gav det blanda kritikk. Trommeslagar Larry Mullen, Jr. sa at han mislikte albumet: «Det er ei tynn linje mellom interessant musikk og nytingssjuke. Me kryssa linja på Passengers-albumet.»[8] Seinare sa han «Det har ikkje vokse på meg. Men 'Miss Sarajevo' er ein klassikar»[9] Bono var ikkje samd med Mullen og hevda at «Larry likte ikkje Passengers fordi me ikkje let han spele trommer»

Innhald endre

All musikk er komponert av Passengers (Brian Eno, Bono, Adam Clayton, The Edge og Larry Mullen, Jr.).

Nr.TittelFrå filmLengd
1.«United Colours»United Colours of Plutonium (Japan)5:31
2.«Slug»Slug (Tyskland)4:41
3.«Your Blue Room»Par-delà les nuages / Beyond the Clouds (Italia)5:28
4.«Always Forever Now»Always Forever Now (Hong Kong)6:24
5.«A Different Kind of Blue»An Ordinary Day (USA)2:02
6.«Beach Sequence»Par-delà les nuages / Beyond the Clouds (Italia)3:25
7.«Miss Sarajevo» (med Luciano Pavarotti)Miss Sarajevo (USA)5:41
8.«Ito Okashi» (med Holi)Ito Okashi / Something Beautiful (Japan)3:25
9.«One Minute Warning»Ghost in the Shell (Japan)4:40
10.«Corpse (These Chains are Way too Long)»Gibigiane / Reflections (Italia)3:35
11.«Elvis Ate America» (med Howie B)Elvis Ate America (USA)2:59
12.«Plot 180»Hypnotize (Love Me 'til Dawn) (Storbritannia)3:41
13.«Theme from The Swan»The Swan (Ungarn)3:24
14.«Theme from Let's Go Native»Let's Go Native (Sør-Afrika)3:07
Total lengd:58:03
Bonusspor (berre UK promo og Japan)
Nr.TittelFå filmLengd
15.«Bottoms (Watashitachi No Ookina Yume) (Zoo Station Remix)»Bottoms (Australia)4:11
Total lengd:62:14

«Miss Sarajevo» vart gjeven ut som singel til stor suksess og kjempa om å nå toppen i Storbritannia til jul, men tapte til slutt mot Michael Jackson sin «Earth Song». Songen kom seinare med på samleplata The Best of 1990–2000 i 2002.

Medverkande endre

  • Brian Eno – strategiar, sekvensar, tangentinstrument, korvokal, gitar, handsamingar, miksing, vokal på «A Different Kind of Blue», produksjon
  • Bono – vokal, gitar, piano på «Beach Sequence»
  • Adam Clayton – bassgitar, gitar på «Your Blue Room», perkusjon, forteljing på «Your Blue Room»
  • The Edge – gitar, tangentinstrument, korvokal, solovokal på «Corpse», kyrkjeorgel på «Your Blue Room»
  • Larry Mullen, Jr. – trommer, perkusjon, rytmesekvens på «One Minute Warning», rytmesynthesizer på «United Colours»
  • Luciano Pavarotti – tenorstemme på «Miss Sarajevo»
  • Holi – vokal på «Ito Okashi», stemmer på «One Minute Warning»
  • Howie B – miksing, handsmingar, scratching, og rytmespor på «Elvis Ate America»
  • Craig Armstrong – strykearrangement på «Miss Sarajevo»
  • Paul Barrett – strykearrangement på «Always Forever Now»
  • Des Broadbery – sekvenser på «Always Forever Now»
  • David Herbert – saksofon på «United Colours» og «Corpse»
  • Holger Zschenderlein – synthesizer på «One Minute Warning»

Kjelder endre

  1. Erlewine, Stephen Thomas. «Original Soundtracks 1: Review». Allmusic. Henta 25. april 2011. 
  2. Sullivan, Jim (7. november 1995). «Eno, U2 Make An 'Original'» (reprint). The Boston Globe. Henta 25. april 2011. 
  3. Browne, David (10. november 1995). «Music Review: Original Soundtracks 1». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 7. juni 2011. Henta 25. april 2011. 
  4. Graham, Bill (15. november 1995). «Passengers: Original Soundtracks 1» (reprint). Hot Press. Henta 25. april 2011. 
  5. Hochman, Steve (5. november 1995). «Taking A Ride To Another World With Eno And U2» (reprint). The Los Angeles Times. Henta 25. april 2011. 
  6. Derogatis, Jim (14. desember 1995). «Passengers: Original Soundtracks 1». Rolling Stone (723). 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 McKay, Alastair (April 2009). «Passengers: The Album». The Ultimate Music Guide (Uncut) (U2): 93. 
  8. U2 quotes by Larry
  9. 10 Years of Turmoil Inside U2