Missa Brevis nr. 6 av Mozart

Missa Brevis nr. 6
K. 140
Messe av Wolfgang Amadeus Mozart
Sjanger Kormusikk
Periode Wienerklassisismen
Komponert 1773
Typisk lengd 16:37
Satsar 6

Missa Brevis No. 6 i G-dur, K. 140, K3 Anh. 235d, K6 Anh. C 1.12, kan ha vorte skriven av Wolfgang Amadeus Mozart i 1773 for Salzburg. Messa er instrumentert for solistar, kor, strykarar og orgel, og seinare vart det lagt til besifra bass. Dei tidlegaste manuskripta vart førebudd av ein avskrivar, med «ferdiggjering og korreksjonar av Mozart»[1] Desse vart funnen i eit kloster i Augsburg i Tyskland.

Verket er delt inn i seks satsar.

  1. "Kyrie" Andantino, G-dur, 3/4
  2. "Gloria" Allegro, G-dur, 6/8
    —"Laudamus te..." Andantino, 3/8
  3. "Credo" Allegro, G-dur, 4/4
    —"Et incarnatus est..." Andantino, Ess-dur, 3/4
    —"Et resurrexit..." Allegro, G-dur, 4/4
  4. "Sanctus" Andante, G-dur, 3/4
    —"Pleni sunt caeli..." Allegro vivace, 2/4
  5. "Benedictus" Andante, C-dur, 2/4
    —"Osanna..." Allegro vivace, G-dur
  6. "Agnus Dei" Andante, G-dur, 4/4
    —"Dona nobis pacem..." Allegro, G-dur, 3/8

KjelderEndra

  • Denne artikkelen bygger på «Missa Brevis No. 6 (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mars 2012.
  • Green (2002) Jonathan D. New York A Conductor's Guide to Choral-Orkesterl Works, Classical Period: Volume 1: Haydn and Mozart Scarecrow Press
  • Heartz (1995) Daniel. New York. Haydn, Mozart, and the Viennese School: 1740 — 1780 W. W. Norton & Co.
  • Hugues (1974) Rosemary. London. Haydn. J. M. Dent & Sons Ltd
  • Schenbeck (1996) Lawrence. Chapel Hill, North Carolina Joseph Haydn and the Classical Choral Tradition Hinshaw Music
  1. s. 104 (2002) Green

BakgrunnsstoffEndra