Augsburg er ein by sør i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 276 000 innbyggjarar (2013). Byen er hovudstad i regionen Schwaben og ligg der elvane Wertach og Lech renn saman.

Augsburg
kreisfri by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Region Schwaben
Høgd 446−561 m
Areal 146,87 km²
Folketal 301 033 (31. desember 2022)
Postnummer 86150–86199
Retningsnummer 0821
Kart
Augsburg
48°22′08″N 10°53′52″E / 48.368888888889°N 10.897777777778°E / 48.368888888889; 10.897777777778
Wikimedia Commons: Augsburg

Historie

endre

Byen vart grunnlagd i år 15 fvt. under regjeringstida til den romerske keisar Augustus som ein garnison kalla Augusta Vindelicorum. Han vart jamna med jorda av hunarane på 400-talet, av Karl den store på 700-talet og av Welf av Bayern på 1000-talet, men kvar gong voks han til større velstand.

Han vart ein fri keisarby 9. mars 1276. Med ei strategisk plassering langs handelsruta til Italia vart Augsburg eit handelssentrum. Her vart det produsert store mengder med vovne varer, stoff og tekstilar, og var basen til bankvesenet Fugger. Fuggerei, ein del av byen som var via til trengande innbyggjarar i Augsburg, vart grunnlagd i 1516 og er framleis i drift i dag.

I 1530 vart Confessio Augustana presentert for Det tysk-romerske riket ved Riksdagen i Augsburg. Etter freden i Augsburg i 1555, då religiøse minoritetar i keisarbyane vart verna, styrte eit byråd med både katolikkar og protestantar byen. Fram til trettiårskrigen var det stort sett religiøs fred i byen, sjølv om det var visse gnissingar. I 1629 gav keisar Ferdinand II ut Restitusjonsediktet som sett inn ei heilt katolsk byråd, som innskrenka rettane til dei lokale protestantane. Dette varte fram til april 1632 då den svenske hæren til Gustav II Adolf tok byen utan motstand. Berre to år seinare vart den svenske hæren driven til Nördlingen i nærleiken, og i oktober 1634 hadde katolske troppar gjenerobra Augsburg. Den svenske garnisonen nekta å overgje seg og ei katastrofal omleirig varte gjennom vinteren 1634-35, der tusenvis av innbyggjarane mista livet av svolt og sjukdom.

Desse hendingane, i tillegg til oppdaginga av Amerika og den nye ruta til India rundt Sør-Afrika, var med på å øydeleggje velstanden til byen. I 1806, då Det tysk-romerske riket vart oppløyst mista Augsburg sjølvstende sitt og vart ein del av kongeriket Bayern. Med den industrielle revolusjonen på 1800-talet vart byen viktigare igjen, og hadde store bomulls- og ullfabrikkar og produserte acetylengass, papir, kjemikaliar, smykke og lêr.

Under den andre verdskrigen låg fleire underleirar frå Dachau konsentrasjonsleir i byen, som gav byen slavearbeidarar til den lokale industrien.[1]

I 1941 tok Rudolf Hess av frå den lokale flyplassen og fauk til Skottland for å møte hertugen av Hamilton i eit forsøk på å danne ein felles europeisk front mot det komande russiske felttoget.

I 1945 okkuperte den amerikanske hæren den nesten heilt ruinerte byen. Dei siste amerikanske styrkane drog bort frå området i 1998.

Kjelder

endre
  1. Edward Victor. Alphabetical List of Camps, Subcamps and Other Camps. www.edwardvictor.com/Holocaust/List %20 of %20 camps. htm

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Augsburg