Mistfjorden i Nordland

fjord i Bodø, Norge

Mistfjorden er ein fjord i Bodø kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 18 km austover til botn av Nordfjorden.

Fjorden har innløp ved Misterøya i vest. Like innanfor innløpet ligg bygda Festvåg på sørsida. Frå her går det ferje over fjorden til Stegberget på nordsida som ein del av riksveg 834. Litt aust for Festvåg ligg garden Litle, men frå her og innover er det ingen fleire busetnader. Eit stykke inn i fjorden går Sørfjorden sørover. Lenger aust går fjordarmen Nordfjorden inn til botn av fjorden. Desse fjordarmane har bratte og høge fjell rundt seg og fleire av dei stig bratt opp til over 900 meter over havet. Ånsvikfjellet er det høgaste av desse på austsida av Sørfjorden med ei høgd på 1005 meter over havet.