Mitchell Froom
Mitchell Froom (fødd 29. juni 1953) er ein USA-amerikansk musikar og plateprodusent.
Mitchell Froom | |||
Fødd | 29. juni 1953 (71 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Sonoma County | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1982 til i dag | ||
Instrument | Klaverinstrument | ||
Kjende instrument | piano | ||
Plateselskap | Kontextrecords | ||
Verka som | Plateprodusent, musikar, låtskrivar | ||
Gift med | Suzanne Vega |
Biografi
endreFroom byrja karrieren sin som klaverspelar i Sonoma County i California. Bandet Crossfire hadde to klaverspelarar, Mitchell på eine sida av scenene, og broren David på den andre, med Gary Pihl på gitar. Han spelte òg klaverinstrument i den Ronnie Montrose-leia gruppa Gamma på det tredje albumet deira, Gamma 3, i tillegg til på soloalbum av David LaFlamme, White Bird og Inside Out.
Han produserte dei tre første Crowded House-albuma, som førte til fleire jobbar som produsent med Richard Thompson, Los Lobos, American Music Club og Suzanne Vega.
Mellom 1992 og 2002 slo han seg saman med lydteknikaren Tchad Blake. I lag arbeidde dei på album med American Music Club, Stevie Ann, Tasmin Archer, The Bangles, Peter Case, The Corrs, Elvis Costello, Sheryl Crow, Crowded House, The Ditty Bops, Tim Finn, Missy Higgins, Indigo Girls, Paul McCartney, Robin Gibb, Maria McKee, Pat McLaughlin, Randy Newman, Nerina Pallot, Pearl Jam, Phantom Planet, Bonnie Pink, Daniel Powter, Bonnie Raitt, Ron Sexsmith, The Del Fuegos, Richard Thompson og Suzanne Vega. Froom og Blake slo seg saman med David Hidalgo og Louie Perez frå Los Lobos og danna det eksperimentelle roots-bandet Latin Playboys.
Froom har produsert over 60 album[1] og har skrive og produsert musikk for mange filmar.[2] Han har vore nominert til fleire Grammy-prisar, mellom anna for årets singel med «La Bamba» av Los Lobos (1988) og årets produsent i 1993 for både Kiko av Los Lobos og 99.9F° av Suzanne Vega.[3] Han vart òg nominert til Golden Globe i 1998 og til Grammy for beste song for film, fjernsyn og andre media i 1999 som medlåtskrivar i lag med Sheryl Crow for kjenningsmelodien til James Bond-filmen «Tomorrow Never Dies».[4]
Som musikar har Froom gjeve ut to soloalbum, Dopamine (1998) og A Thousand Days (2005). Songen «Noodletown» frå Dopamine vann han ein Emmy då han vart nytta som kjenningsmelodi i PBS sin Sessions at West 54th.[5]
Personleg liv
endreDotter hans Charlotte (f. 1986) er tidlegare bassist i The Like. Mora til Charlotte er Connie Jester, som var den første kona hans.
Froom gifta seg med Suzanne Vega i 1995, men dei gjekk kvar sin veg i 1998. Han gifta seg med Vonda Shepard i 2004.
Broren David Froom er ein klassisk komponist og leiar i musikkavdelinga ved St. Mary's College of Maryland.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mitchell Froom» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Kontextrecords, arkivert frå originalen 29. august 2011, henta 6. mars 2015
- ↑ IMDB Mitchell Froom
- ↑ Rock on the Net 1993 Grammys
- ↑ Rock on the Net 1999 Grammys
- ↑ Damn Fine Day, arkivert frå originalen 24. juli 2012, henta 6. mars 2015
- ↑ Vonda Shepard «My husband's grandparents are Romanians" Arkivert 2012-07-15 ved Archive.is, happyhour.protv.ro, 2009-02-16 (rumensk).
Bakgrunnsstoff
endre- Mitchell Froom ved The Internet Movie Database (IMDb)