Mitzpe Dani (hebraisk skrift מצפה דני, tyder Danny-utposten) er ein israelsk utpost på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg nær Ma'ale Mikhmas og høyrer til Mateh Binyamin regionale kommune. Han er heimstad for kring 25 familiar.

Mitzpe Dani
utpost
Land  Vestbreidda
Region Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Kommune Mateh Binyamin
Grunnlagd 1998
 - Grunnlagd av innbyggjarar frå Ma'ale Mikhmas
Kart
Mitzpe Dani
31°52′51″N 35°18′52″E / 31.8808°N 35.3145°E / 31.8808; 35.3145
Wikimedia Commons: Mitzpe Danny

Utposten vart grunnlagd i 1998 av innbyggjarar frå Ma'ale Mikhmas, og vart kalla opp etter Danny Frei, ein innbyggjar frå Ma'ale Mikhmas som vart drepen i eit palestinsk åtak på heimen hans i 1995.

Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Vestbreidda ulovlege i følgje folkeretten, men dei israelske styresmaktene hevdar dei har retten på si side.[1]

Kjelder endre

  1. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010.