Mjåsundbrua
Mjåsundbrua er ei bru på fylkesveg 4 i Gulen kommune i Vestland. Brua kryssar Mjåsundet mellom Sandøya og Mjømna og er ein del av fastlandssambandet til øyene Byrknesøya, Sande og Mjømna. Arbeidet med den 217 meter lange brua byrja i oktober 1992, og ho vart opna 9. juli 1993 av fylkesordførar Sjur Hopperstad. Mjåsundbrua er bygd i stål og betong og ligg på to dominerande fyllingar. Ho er måla i ein varm raudfarge for å gjere ho ekstra synleg.
![]() Foto: Bjarne Thune | |
Type | vegbru |
---|---|
Strekning | Fylkesveg 5582 |
![]() Mjåsundbrua |