Fylkesveg 5582
Fylkesveg 5582 i Vestland fylke går mellom Sløvåg og Byrknes i Gulen kommune.
Trasear: Skipavik – Byrknes (16,8 km), Mjømnevatnet – Mjømna kai (2,6 km), Sløvåg – Fivelstad (ca. 5 km), Brandangersundet – Ånneland (ca. 5 km)
Vegen var opphavleg delt opp i to isolerte trasear:
- Eidsbotn - Glenja - Fivelsdal - Sellevåg (11,2 km) i aust
- Sande(seinare Skipavik) - Ånneland - Mjømna (med arm til Mjømna Kai) - Byrknes i vest
4. november 2010 vart den nye fylkesvegstraséen mellom Ånneland og Sløvåg offisielt opna. Samtidig vart ferjesambandet mellom Skipavik og Sløvåg lagt ned. Strekninga mellom Sløvåg og Fivelstad hadde vore open for trafikk sidan desember 2008. Kostnadene var 215 millionar kroner, Brandangersundet bru inkludert.[1]
Det meste av den gamle austlege traséen, Sellevåg - Brandangersundet og Fivelsdal - Eidsbotn vart med dette omklassifisert til kommunal veg.
I 2019 fekk mange fylkesvegar nye vegnummer, og gamle Fylkesveg 4 i Sogn og Fjordane fekk den nye nemninga Fylkesveg 5582.[2]
Kommunar og knutepunkt
endreByrknesvegen
- Endepunkt Byrknes
- Mjømnesundbrua (381 m)
- Nappsundbrua (141 m)
- Arm Mjømna frå Mjømnevatnet til Mjømna kai (2,6 km)
- Mjåsundbrua (217 m)
- Kommunal veg Nordre Sandøyna frå Trollvika til Skjerjehamn
- Arm Byrknesvegen frå Ånneland til Skipavik
Fv4
- Brandangersundet bru (285 m)
- Kommunal veg Brandangervegen frå Brandangersundet til Brandanger (6 km)
- Kommunal veg Glenjevegen frå Fivelsdal til 57 Eidsbotn
- 57 Sløvåg
Kjelder
endre- ↑ Ingvild Ramstad (4. november 2010). «Opning av fv. 4 Sløvåg-Ånneland». Sogn og Fjordane fylkeskommune. Henta 5. november 2010.
- ↑ «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022.