60°54′00″N 04°54′40″E / 60.90000°N 4.91111°E / 60.90000; 4.91111

Mjømnesundet
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Gulen
Kart
Mjømnesundet
60°54′00″N 4°54′40″E / 60.9°N 4.911111°E / 60.9; 4.911111

Mjømnesundet er eit sund i Gulen kommune i Vestland. Det ligg mellom øyane Mjømna, Tyløyna og Nappsholmen i aust og Byrknesøyna, Svinøyna og Risøyna i vest. Sundet er om lag 8 kilometer langt og 0,3 til 1 kilometer breitt, og strekkjer seg frå Mjømnosen i nord til Leirøyholmen i sør.

Over sundet går Mjømnesundbrua, som vart opna i 1997. Brua går mellom Tyløyna og Byrknesøyna.