Mo stavkyrkje i Tokke

tidl. stavkyrkje i Tokke

Mo stavkyrkje i det som no er Tokke kommune, vart riven i løpet av 1830-åra, og dagens kyrkje vart oppført på same tufta og innvigd i 1839. Stavkyrkja stod, som dagens kyrkje, på prestegarden sin grunn. Prestegården heitte opphaveleg Mo.[1] (Dagens prestegard er i Dalen.[2])

Døypefonten frå Mo stavkyrkje er overført til dagens kyrkje, men er ikkje i bruk.
Foto: Eirik Irgens Johnsen

Prest til kyrkja er omtala i 1342.[3] Forholdet mellom presten og folket var openbart ikkje godt, for i 1395 fekk dei lokale bøndene ikkje indulgents (syndeforlating) i Biskop Eystein sitt hyrdebrev.[4] Jens Nilssøn nemnar kyrkja i sin visitasrapport frå 1595.[5] På den tida var ho anneks til Moland kyrkje i Fyresdal, og det går fram at det var gudsteneste kvar femte til sjette sundag. Av ein synfaringsrapport frå 1668 skal det ifølgje Lorentz Dietrichson gå fram at det dreidde seg om ei stavkyrkje med svalar og mange skruv omkring, og ho skal ha vore tekt med spon frå øvst til nedst. Korgolvet var — som for koret i Nesland stavkyrkje — heva om lag 3 alen over skipet sitt golv. Kyrkja skal ha blitt noko modernisert på 1700-talet.

Gjenstandar frå stavkyrkja endre

Ingen stavkyrkjeportal frå Mo er kjend, men eit krusifiks frå stavkyrkja er å finne i korboga i dagens kyrkje.[6][7] I kyrkja (men ikkje i bruk) er òg den gamle døypefonten, laga av ein trestamme, men med kum av stein.[8] Mest iaugefallande er likevel altartavla, som var i privat eige etter at den nye kyrkja fekk ei empiretavle. Den eldre altartavla vart komplettert ved ei vøling i 1961 og så måla av Henrik Sørensen og Harald Kihle.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Telemark (Riksantikvaren, 2016), s. 116
  2. Herman Henriksveen, red. (1986). «Mo Kyrkje». Kirker i Telemark. Stathelle: Flora forlag. s. 172. ISBN 82-90695-00-4. 
  3. Diplomatarium Norvegicum I:286
  4. Diplomatarium Norvegicum IX:186
  5. Jens Nilssøn (1981). Yngvar Nielsen, red. Biskop Jens Nilssøns visitatsbøger og reiseoptegnelser 1574–1597. Carl Zakariasson. s. 383. 
  6. Mo og Skafså kyrkjer 1839–1989, s. 23.
  7. AvbildetKirkesøk.
  8. Mo og Skafså kyrkjer 1839–1989, s. 23.

Bakgrunnsstoff endre