Tokke kommune
- «Tokke» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Tokke (fleirtyding).
Tokke kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Telemark | ||
Adm.senter | Dalen | ||
Areal | 984 km² | ||
- land | 907 km² | ||
- vatn | 77 km² | ||
Folketal | 2 212 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Jarand Felland (Sp) | ||
Kommunenr. | 4034 | ||
Tokke kommune | |||
| |||
Wikimedia Commons: Tokke | |||
Nettstad: www.tokke.kommune.no | |||
Tokke kommune er ein kommune i Telemark fylke. Tokke ligg i enden av Telemarkskanalen, vest i Telemark, og grensar til kommunane Vinje, Kvitseid, Seljord, Fyresdal, Valle og Bykle.
Bygda er frå gammalt av eit bjørneområde, og derfor har kommunevåpenet bilete av ein bjørn.
Geografi endre
Mesteparten av kommunen er fjell. Høgaste punktet i kommunen er Kvannfjell på 1 537 moh. Elva Tokke renn mellom Åmot i Vinje og innsjøen Bandak i Tokke. Andre vatn i kommunen er Borsæ, Botnedalsvatn, Byrtevatn, Folurdvatnet og Skredvatn.
I Eidsborg ligg Vest-Telemark museum der ein mellom anna finn Eidsborg stavkyrkje.
Historie og økonomi endre
Tokke har lange tradisjonar med eksport av brynestein heilt tilbake til vikingtida.
Det har vore gruvedrift i området sidan 1540, og ho gjekk føre seg i over 400 år. Koparmalmleia på Åmdals Verk vart funnen i 1689, og verket var i drift fram til 1945.
Kommunen har og store vasskraftressursar.
Kjende personar frå Tokke kommune endre
- Anne Grimdalen (1899-1961), bilethoggar
- Eivind Groven (1901-1977), musikar og komponist
- Arvid Torgeir Lie (1938–2020), diktar[1]
Verd å vitja endre
Kjelder endre
- ↑ Kvalshaug, Vidar (26. mai 2020), «Forfatter Arvid Torgeir Lie er død», BOK365.no (på norsk bokmål), henta 24. juni 2020
Bakgrunnsstoff endre
- Tokke kommune
- Historiske arkiv etter nåverande Tokke kommune på Arkivportalen
- Historiske arkiv etter tidlegare Lårdal kommune på Arkivportalen
- Historiske arkiv etter tidlegare Mo kommune på Arkivportalen