Moarémønster eller Moiré-mønster er eit mønster som oppstår ved overlagring av to nesten identiske grunnmønster som begge vekslar regelmessig mellom lys og mørke eller i ulike fargar. Grunnmønstra er oftast rette striper, men kan òg vere ruter, prikkar, sirklar osv. Moarémønstra vekslar raskt når grunnmønstra blir forskyvd i tilhøve til kvarandre. Dei har utbreidd dekorativ bruk.

Moarémønster
Effekten av skiftande vinkel mellom to sett av parallelle linjer.

Moaréteknikken er ein metode for å gje grafisk representasjon av løysingar på fysiske og matematiske problem, t.d. intereferens, elektromagnetiske felt og straumlinjer for gassar og væskar. Vidare har moarémønster vore nytta i spenningsanalysar av material og ved konstruksjon og kontroll av dei plane overflatene til lekamar.

Moarémønster kan opptre som ein uønskt effekt ved biletdanning, til dømes ved fjernsynsbilete der eit mønster kan vere til stades i biletet eller produserast ved opptak eller sending (til dømes forstyrring frå ein annan sendar) og eit anna mønster kjem av linjene som blir danna ved biletteikninga på skjermen i mottakaren. På tilsvarande måte kan moarémønster opptre ved attgiving av bilete på trykk.

Kjelder endre