Opna hovudmenyen

Mobiltelefon er eit system for telefoni ved hjelp av radiosendarar og -mottakarar i eit bakkenett, i staden for det tradisjonelle elektriske trådnettet for fasttelefonar. Eit telefonapparat som kan brukast utomhus og inneheld ein bærbar radiosendar i staden for å vera kopla til telefonnettet med ein leidning, vert til vanleg kalla «ein mobil», kort for mobiltelefon[apparat] .

Prinsippet er enkelt: Kvar brukar (eller mobilabonnent) ber med seg ein mobil, som er ein liten radiosendar som heile tida kommuniserer med dei basestasjonane som ikkje er for langt unna. Kvar basestasjon dekkjer eit visst geografisk område, som vert kalla ei celle. Når mobiltelefonapparatet vert flytta frå ei celle til ei anna (roaming), vert dette detektert i systemet, slik at mobiloperatøren alltid veit kvar mobilabonnenten er. Dette er naudsynt for å veta kva for ein basestasjon signala skal rutast til når nokon vil ringja til abonnenten.

Det er mykje billigare å setja opp eit trådlaust bakkenett enn å byggja infrastruktur for fasttelefoni med kopartrådar mellom alle abonnentane. Difor kan eit mobilnett ofte vera lønsamt sjølv på stader der det ikkje ville svara seg å byggja ut fasttelefonnettet, t.d. i u-land med få betalingsdyktige abonnentar.

Radionettet av basestasjonar er på visse punkt kopla til telefonnettet via kablar eller mikrobølgjekanalar, så det er problemfritt for abonnentane å ringja mellom systema, eller t.d. frå ein mobil til eit heilt anna mobilnett i eit framandt land.

Fram til 1981 måtte radiosamtalane setjast opp manuelt, og abonnenten måtte sjølv stilla inn mobiltelefonapparatet sitt på rett frekvens (kanal) etter at samtalen var bestilt. Norden og Saudi-Arabia var først i verda med automatisk mobiltelefoni. Det fellesnordiske systemet Nordisk MobilTelefon (NMT 450 og NMT 900, som hadde namn etter radiobølgjefrekvensane dei brukte) utgjorde eit analogt radionett som gjennom heile åttitalet vart sett opp til som verdas beste mobiltelefonisystem. Frå midten av nittitalet har det digitale GSM raskt teke over og er no verdas mest brukte system for mobiltelefoni.

Medan det for berre 15 år sidan var svært uvanleg å ha det viss ikkje jobben kravde det, eig dei aller fleste innbyggjarar i Noreg i dag eit mobiltelefonapparat. Noreg er faktisk det første landet i verda der ein har registrert at 100 prosent av innbyggjarane innanfor ei viss aldersgruppe har mobil.

Ifølgje ei undersøking gjort av Norstat for Telenor Mobil og DJuice i 2005, har alle nordmenn mellom 16 og 19 år sitt eige mobiltelefonapparat. 98 prosent av ungdom mellom 14 og 15 år har mobil i 2005, mot 55 prosent i 1999. 93 prosent av dei mellom 12 og 13 år, 65 prosent i aldersgruppa 10–11 år, 21 prosent av born mellom 7 og 9 år, og 6 prosent av alle born mellom 5 og 6 år har sin eigen mobil.

Mobiltelefonen har endra måten vi innrettar kvardagen vår på. Når alle er tilgjengeleg på telefon når som helst, kan avtalar om å møta kvarandre endrast til siste minutt. Ved hjelp av mobiltelefon kan ein raskt få tak i informasjon uansett kvar ein er – viss det er dekning der.

Utbygginga av basestasjonar tok av over heile verda på 1990-talet, og i dei fleste befolka område av Europa kan ein no få kontakt med (GSM-)mobilnettet. Norske mobiloperatørar har inngått avtalar med mange utanlandske, slik at norske brukarar som oftast ikkje treng kjøpa lokale mobilabonnement når dei er på reise, dei kan berre bruka mobilen sin som vanleg.

Med GSM fekk mobilbrukarane mangee nye tenester. Spesielt ei slik teneste har raskt vorten umåteleg populær. Dét er SMS.