Opna hovudmenyen
Mokkabønner produsert av Freia, frå ei øskje «Dessert Sjokolade».

Mokkabønner er eit sjokoladeprodukt laga av mørk sjokolade smaksett med kaffi og forma som kaffibønner.[1]

Mokkabønner frå godteriprodusenten Nidar.
Mokkabønner, kremtopper, kulemarsipan og annan konfekt utstilt i ein butikk i Tønsberg 2017.

Produktet blei først lansert på den norske marknaden i 1917 av produsenten Bergene. I mellomkrigstida blei mokkabønner selde av fleire føretak, som Nidar, Bergene, Asola og Erbe. Etter fleire samanslåingar blei Nidar den einaste mokkabønneprodusenten.[2]

Namnet viser til kaffi frå Mokka, ein hamneby i Jemen som er kjend for sine kaffibønner med sjokoladesmak.[2]

KjelderEndra

  1. Pihl, Roger (26. oktober 2017). «Mokkabønner». Store norske leksikon. Henta 26. november 2018. 
  2. 2,0 2,1 «Mokkabønner - Nidar.no». Nidar.no (på bokmål).