Molar storleik er ein storleik dividert med den tilsvarande stoffmengda målt i mol. Molart volum, volum dividert med stoffmengd, er tilnærma det same for alle gassar. For ein ideell gass er det 22,41 liter/mol ved 0° C og 1 atm trykk.

Den molare gasskonstanten R er definert ved R = NAk = 8,314 510 joule/(mol kelvin), der NA er Avogadro-konstanten og k er Boltzmann-konstanten.

Kjelder

endre