Molotovcocktail
Molotovcocktail eller brannflaske er eit primitivt sprengvåpen som består av ei flaske med brennbar væske, som olje eller bensin, og ei seintbrennande lunte. Ettersom molotovcocktailar er raske, enkle og billige å framstilla er dei vanlege å bruka ved gatekampar, opptøyar, geriljaverksemd og liknande.
Molotovcocktailar blei brukt av finske soldatar mot sovjetiske stridsvogner under Vinterkrigen 1939–40. Dei har namn etter Vjatsjeslav Mikhajlovitsj Molotov, den sovjetiske folkekommisæren for utanrikssaker på denne tida.
Kjelder
endre- «Brannflaske» (30. oktober 2014). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 9. juni 2015.
- «Molotovcocktail» (30. oktober 2014). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 9. juni 2015.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Molotovcocktail